Moropark
Fornøyelsespark, moropark eller tivoli, er ein park med underhaldande attraksjonar som karusellar, berg-og-dal-baner, pariserhjul,[1] spel og anna. Ordet «tivoli »kjem av den italienske byen Tivoli,[2] som vart kjend for hageanlegga sine.
Ein moropark som er basert på eitt eller flere tema vert kalla ein temapark. Typiske døme på temaparkar er Disneyland i California, Legoland og Kaptein Sabeltanns verden. Den siste er eit underhaldningsanlegg i Kristiansand Dyrepark. Ein moropark som har barnefamiliar som målgruppe, vert gjerne kalla ein familiepark. Attraksjonane her er ofte meint for både små og store.
Kjende moroparkar
[endre | endre wikiteksten]- Bobbejaanland i Belgia
- Bø Sommarland i Telemark
- Europa-park i Tyskland
- Gröna Lund i Stockholm
- Gorkijparken i Moskva
- Heide-Park i Tyskland
- Kongeparken i Ålgård
- Kristiansand Dyrepark
- Liseberg i Göteborg
- Tivoli i København
- Moroparken Tusenfryd på Vinterbro
Norske familieparkar
[endre | endre wikiteksten]- Hunderfossen familiepark i Gudbrandsdalen
- Mikkelparken i Kinsarvik i Hardanger[3]
- Namsskogan familiepark
Sesongtider
[endre | endre wikiteksten]Etter internasjonal standard opnar alle moroparkane den siste helga i april, anten på laurdagen eller sundagen. Sesongavslutninga vert derimot fritt bestemt av kvar enkelt park, men det tradisjonelle er å stengja etter haustferien.
Historiske parkar
[endre | endre wikiteksten]Christiania Tivolis hadde mellom anna Cirkusbygningen (1890-1935).[4]
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «fornøyelsespark» i Nynorskordboka.
- ↑ «tivoli». Store norske leksikon (på norsk). 25. januar 2023.
- ↑ «Mikkelparken | Familiepark | Her blir gode minner skapt», Mikkelparken, henta 2. februar 2024
- ↑ «Levende mennesker og dyr fra Afrika var blant attraksjonene som ble vist fram», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 16. november 2019
- Denne artikkelen bygger på «Moropark» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2015.