Monte Darwin
Monte Darwin | |||
fjell | |||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Cordillera Darwin | ||
Høgd | 2 488 moh. | ||
Koordinatar | 54°45′S 69°29′W / 54.750°S 69.483°W | ||
Førstestiging | Eric Shipton | ||
- dato | Februar 1962 | ||
Monte Darwin 54°45′00″S 69°29′00″W / 54.75°S 69.483333333333°W | |||
Kart som viser Monte Darwin.
|
Monte Darwin er eit av dei høgste fjella i Eldlandet. Den nær 2 500 meter høge fjelltoppen ligg i den chilenske delen av Storøya i Eldlandet. Monte Darwin ligg i fjellkjeda Cordillera Darwin på nordsida av Beagle-kanalen. Fjellet er dekt av isbrear, særleg sørsida har store brear. Berggrunnen er kristallinsk glimmerskifer.
Sommaren 1962 kleiv briten Eric Shipton til topps saman med tre chilenarar; Eduardo Garcia, Federico Vivanco og Cedomir Marangunic. Beste tida for ein topptur er sommarstida frå midten av desember til ut mars.
Fjellet fekk namnet sitt under den andre ekspedisjonen med HMS Beagle. Kaptein Robert FitzRoy gav det namnet Mount Darwin, i høve ekspedisjonsmedlemen Charles Darwin sin 25-årsdag, 12. februar 1834.
Mount Darwin ligg i Alberto de Agostini nasjonalpark.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Monte Darwin» frå Wikipedia på tysk, den 14. juni 2012.