Hopp til innhald

Moldova i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moldova

Offisielt Moldova

TRM
Uttakingar
Nasjonalt 14
Internt 3
Deltaking
Debutår 2005
Deltakingar 17
Beste resultat
Semifinalen 2 (2005 og 2017)
Finalen 3 (2017)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2014)
Finalen 22 (2010)
Poeng
Semifinalane 1 772
Finalane 1 575
Totalt 3 347

Moldova debuterte i Eurovision Song Contest i 2005 i Kyiv i Ukraina med songen «Boonika Bate Doba», framført på engelsk og rumensk av gruppa Zdob și Zdub. Bidraga vert valde gjennom den nasjonale finalen O Melodie Pentru Europa, arrangert av av den moldovske kringkastaren TeleRadio-Moldova.

I 2007, ville TRM trekkje seg frå tevlinga, grunna dårleg resultat i 2006. Men etter press frå TV-sjåarane, ombestemte TRM seg og fylte ut søknad om å delta. Bidraget vart valt internt av TRM, og Natalia Barbu og songen «Fight» vart valde ut til å delta for Moldova.

Landets beste plassering kom i 2017 då songen «Hey, Mamma!», framført på engelsk av gruppa SunStroke Project, enda på 3. plass med 374 poeng. Landets dårlegaste plassering kom i 2014 då songen «Wild Soul», framført på engelsk av Cristina Scarlat, enda på sisteplass i den fyrste semifinalen med 13 poeng.

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
2005 Zdob și Zdub «Boonika Bate Doba» Engelsk og rumensk 148 06 207 02
2006 Arsenium og Natalia Gordienko «Loca» Engelsk og spansk 022 20 X X
2007 Natalia Barbu «Fight» Engelsk 109 10 091 10
2008 Geta Burlacu «A Century Of Love» Engelsk X X 036 12
2009 Nelly Ciobanu «Hora Din Moldova» Rumensk og engelsk 069 14 106 05
2010 SunStroke Project og Olia Tira «Run Away» Engelsk 027 22 052 10
2011 Zdob și Zdub «So Lucky» Engelsk 097 12 054 10
2012 Pasha Parfeny «Lăutar» Engelsk 081 11 100 05
2013 Aliona Moon «O Mie» Rumensk 071 11 095 04
2014 Cristina Scarlat «Wild Soul» Engelsk X X 013 16
2015 Eduard Romanyuta «I Want Your Love» Engelsk X X 041 11
2016 Lidia Isac «Falling Stars» Engelsk X X 033 17
2017 SunStroke Project «Hey, Mamma!» Engelsk 374 03 291 02
2018 DoReDoS «My Lucky Day» Engelsk 209 10 235 03
2019 Anna Odobescu «Stay» Engelsk X X 085 12
2020 Natalia Gordienko «Prison» Engelsk Tevling avlyst
2021 Natalia Gordienko «Sugar» Engelsk 115 13 179 7
2022 Zdob și Zdub og Frații Advahov «Trenulețul» Rumensk og engelsk 253 7 154 8
2023 Pasha Parfeny «Soarele și luna» Rumensk

Røystehistorikk (2005–2019)

[endre | endre wikiteksten]

Moldova har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Romania 149
02 Russland 126
03 Ukraina 117
04 Aserbajdsjan 95
05 Sverige 55

Moldova har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Romania 133
02 Portugal 76
03 Ukraina 71
04 Russland 64
05 Aserbajdsjan 52

Semifinalane

[endre | endre wikiteksten]

Moldova har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Russland 119
02 Romania 108
03 Aserbajdsjan 70
04 Ukraina 61
05 Kviterussland 51

Moldova har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Romania 112
02 Russland 106
03 Italia 57
04 Kviterussland 53
05 Armenia 51