Moldau
Moldau | |||
elv | |||
Moldau i Praha
| |||
Land | Tsjekkia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 28 090 km² | ||
Renn gjennom | Praha | ||
Sideelvar | Otava, Berounka, Lužnice, Sázava | ||
Lengd | 430 km | ||
Vassføring | for ved munningen | ||
• middel | 149,9 m³/s | ||
Kjelde | Černý potok ved Černá hora i Böhmerwald | ||
• høgd | 1 172 moh. | ||
Munning | Elbe ved Mělník | ||
• høgd | 155 moh. | ||
Moldau 48°51′32″N 13°53′35″E / 48.858945°N 13.893092°E | |||
Wikimedia Commons: Vltava |
Moldau (tsjekkisk Vltava) er den lengste elva i Tsjekkia. Ho har sitt utspring i Böhmerwald, renn gjennom Český Krumlov, České Budějovice og Praha, før ho renn i hop med Elbe ved Mělník. Lengda hennar er 430 km, og ho har eit nedslagsfelt på 28 090 km². Moldau fører med seg meir vatn enn Elbe då dei renn i hop, men fordi ho møter Elbe i ein rett vinkel, ser ho ut som ei sideelv, og elva heiter framleis Elbe vidare frå dette punktet.
Fleire demningar vart bygd på elva på 1950-talet, og den største er Lipnodemningen i Böhmerwald. I august 2002 førte flaum i Moldau til at fleire menneske omkom og store øydeleggingar langs heile elveløpet.
Den mest kjende tsjekkiske komponisten Bedřich Smetana si samling av seks symfoniske dikt, Má vlast (Mitt land) er kalla Moldau (eller Vltava), og skildrar elva langs heile løpet.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Både det tsjekkiske namnet Vltava og det tyske namnet Moldau meiner ein har sitt opphav frå det gamle skandinaviske ordet som tyder elv.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vltava» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2007.