Mikhail T. Devjatjarov
Mikhail T. Devjatjarov | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 25. februar 1959 (65 år) Tsjusovoj |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1988, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989 |
Utmerkingar | Fortjent trener i Russland, Idrettens mester i Sovjetunionen, Ordenen folkenes vennskap |
Mikhail Talgatovitsj Devjatjarov (fødd 25. februar 1959) er ein sovjetisk tidlegare langrennar frå Tsjusovoj som vart olympisk meister på 15 km i 1988 .
Devjatjarov markerte seg fyrste gongen då han vart nummer tre i eit verdscuprenn over 15 km i Sarajevo vinteren 1983. I mars 1984 vann han den fyrste av to verdscupsigrar då han toppa resultatlista etter ein 15 km i Murmansk.
Då Ski-VM 1987 vart avvikla i Oberstdorf, kneip Devjatjarov bronsemedaljen i ei jamn 15-km-tevling og han gjekk tredjeetappen på Sovjetunionen sitt sølvlag i 4 x 10 km stafett. Under dei olympiske leikane i Calgary vinteren 1988 vart han fjerdemann på opningsdistansen 30 km. Få dagar seinare vann han gullmedaljen på 15 km, ei 14-15 sekundar framom norske Pål Gunnar Mikkelsplass. Han avslutta leikane med å ta ein ny sølvmedalje i 4 x 10 km stafett med det sovjetiske mannskapet, nett som i Oberstdorf-VM året før vann Sveriges lag gullet.
Devjatjarov vart nummer 14 på tremila då Ski-VM 1989 fann stad i Lahti. Han la opp etter 1992-sesongen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar.
- Einskildmenn
- Fødde i 1959
- Sovjetiske langrennsløparar
- Russiske langrennsløparar
- Olympiske medaljevinnarar i langrenn
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1988
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988
- Langrennsløparar under vinter-OL 1988