Hopp til innhald

Maysan guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maysan
ميسان
guvernement
Land  Irak
Koordinatar 31°54′N 47°2′E / 31.900°N 47.033°E / 31.900; 47.033
Hovudstad Amarah
Areal 16 070 km²
Folketal 922 890 (2009)[1]
Kart
Maysan guvernement
31°54′00″N 47°02′00″E / 31.9°N 47.033333333333°E / 31.9; 47.033333333333
Kart som viser Maysan guvernement.
Kart som viser Maysan guvernement.
Kart som viser Maysan guvernement.
Wikimedia Commons: Maysan Governorate

Maysan guvernement (arabisk محافظة ميسان‎, romanisert Muḥāfaẓat Maysān) er eit guvernement søraust i Irak, ved grensa til Iran. Det administrative senteret er byen Amarah. Før 1976 hadde det heitt Amara guvernement.

Andre språk

[endre | endre wikiteksten]

Regionen vart kalla Messène (gammalgresk Μεσσήνη) av dei gamle grekarane (Strabon), Mays̲h̲angammalsyrisk, Mēs̲h̲ānmellompersisk og partisk (𐭌𐭉𐭔𐭍, Myšn), Mēs̲h̲unarmensk, Maysān (ميسان) på arabisk og T’iao-tche i Han-kjelder.[2]

Dei fleste innbyggjarane er sjia-arabarar. I sør ligg mange av Dei mesopotamiske sumpene, og området har tradisjonelt vore heimstad til mange sumparabarar.

Aleksander den store grunnla byen Kharax Spasinu i 324 fvt. i denne regionen. Byen vart seinare hovudstad i Kharakene. Byen finst som ruinar i Naysan.

Området leid stort under den iransk-irakiske krigen og var då ei stor slagmark, og igjen under det irakiske opprøret i 1991.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.citypopulation.de/Iraq-Cities.html.
  2. Streck, M.; Morony, M.. "Maysān." Encyclopaedia of Islam, Second Edition. , 2012. Reference. 30 March 2012

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Maysan guvernement