Matblom
Utsjånad
Matblomar er blomar brukte til mat som råvare, pynt eller smakstilsettar. Blomar kan brukast til matlaging like etter at dei er plukka eller etter oppbevaring gjennom tørking, frysing, kandisering eller lagring i olje. Dei kan brukast til drikkar, salat, supper, dessertar og i hovudretter.
Fleire blomar er lenge blitt brukte til å laga te, til dømes hibiskus og krysantemum.
I tillegg til det ein kan kalla typiske blomar, som gjerne er små, fargerike og skjøre, finst det nokre blomar som er så matfulle at dei er kjende som grønsaker, som artisjokk, blomkål og brokkoli.
Vanlege matblomar
[endre | endre wikiteksten]- Fiol (Viola), blomar
- Blomkarse (Tropaeolum), blomar
- Daglilje (Hemerocallis), blom og knoppar
- Graslauk (Allium schoenoprasum)
- Hibiskus (Hibiscus), blomar
- Kløver (Trifolium)
- Krysantemum (flower)
- Løvetann (Taraxacum officinale), blom og knoppar
- Ringblom (Calendula officinalis), kronblad utan kvit del
- Roser (Rosa), kronblad utan kvit del
- Solsikke (Helianthus annuus), blom og knoppar
- Sitrusblomar
- Kaprifol (Lonicera/Caprifolium), blomar
- Sjasmin (Jasminum), blomar
- Stemorsblom (Viola x Wittrockiana), blomar
- Syrin (Syringa), blomar
- Tusenfryd (Bellis perennis), berre kronblad
- Agurkurt (Borago officinalis)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Edible flowers» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2008.