Massimo Stano
Utsjånad
Massimo Stano | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 27. februar 1992 (32 år) Grumo Appula |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL 2020 – 20 km kappgang menn |
Massimo Stano (fødd 27. februar 1992) er ein italiensk kappgjengar frå Palo del Colle. Han vart olympisk meister på 20 kilometer i Tokyo i 2021 og verdsmeister på 35 km i Eugene i 2022.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Stano deltok i EM 2014 og VM 2015 utan å utmerke seg. I EM i friidrett 2018 vart han fjerdemann på 20 km. Etter å ha vorte nummer 14 i VM 2019, gjekk han i 2021 heilt til topps på 20 km under dei olympiske leikane i Tokyo. Året etter vann han gullmedaljen på 35 km ved VM i friidrett 2022, og han vart nummer 8 på 20 km i europameisterskapen i München. Sommaren 2023 gjekk han inn til sjuandeplass på 35 km i Budapest-VM.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Massimo Stano» frå Wikipedia på tysk, den 29. september 2022.
- «Massimo Stano» (på engelsk). Olympedia. Henta 10. mars 2023.