Hopp til innhald

Marko Marin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marko Marin
Personleg informasjon
Fødd 13. mars 1989
Fødestad Bosanska Gradiška i Jugoslavia
Høgd 170 cm
Posisjon Ving, midtbane
Klubbinformasjon
Noverande lag
Werder Bremen
Nummer 10
Ungdomsklubbar
-1996
1996-2005
2005-06
Tyskland Hoechst
Tyskland Eintracht Frankfurt
Tyskland Borussia Mönchengladbach
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-09
2009-
Tyskland Bor. Mönchengl.
Tyskland Werder Bremen
68 (8)
87 (8)
Landslag
2007-
2008-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
12 (1)
15 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. november 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 26. oktober 2010

Marko Marin (fødd 13. mars 1989 i Bosanska Gradiška i Bosnia-Hercegovina) er ein bosnisk-tysk fotballspelar som har spela for Werder Bremen i tysk Bundesliga og for det tyske landslaget. Foreldra hans er bosniske serbarar, og han flytta til Tyskland saman med dei som toåring i 1991.

Boateng hadde lenge både bosnisk og tysk pass, og kunne ha spelt for fotballandslaget til begge landa. I 2008 valde han å spela for Tyskland sitt A-landslag, og sa då frå seg det bosniske passet sitt. Han debuterte for Tyskland sitt A-landslag 27. mai 2008 i ein privatlandskamp heime mot Kviterussland. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte som innbytar i to kampar, gruppekampane mot Serbia og Australia.