Hopp til innhald

Mark Wright

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mark Wright
Wright som manager for Chester City i 2006.
Personleg informasjon
Fullt namn Mark Wright[1]
Fødselsdato 1. august 1963 (60 år)[1]
Fødestad Dorchester on Thames[2]
Høgd 6 ft 2 in (1,88 m)[3]
Posisjon midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Southport (Head of development)[4]
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1980–1982 Oxford United 10 (0)
1982–1987 Southampton 170 (7)
1987–1991 Derby County 144 (10)
1991–1998 Liverpool 160 (5)
Totalt 484 (22)
Landslag
1983 England U21 4 (0)
1984–1996 England 45 (1)
Trenar for
2000–2001 Southport
2001 Oxford United
2002–2004 Chester City
2005–2006 Peterborough United
2006–2007 Chester City
2008–2009 Chester City
2012 Floriana
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Mark Wright (fødd 1. august 1963) er ein engelsk tidlegare fotballspelar som er mest kjend for sine år i Southampton FC og Liverpool FC, og på det engelske landslaget. Han var ein duellsterk midtstoppar med fart og ein bra pasningsfot som kjennemerke.

Wright skreiv kontrakt med Southampton våren 1982 og slo omgåande gjennom. I sin andre fulle sesong bidrog han sterkt til at klubben frå Sør-England kom på andreplass i ligaen. Mot 760 000 pund vart han sommaren 1987 overført til nyopprykka Derby County. Etter at Derby rykka ned i 1991, gjekk turen vidare til Liverpool til ein kostnad på 2,2 millionar pund. Eitt år seinare var Wright lagkaptein då Liverpool vann FA-cupfinalen 1992 med 2-0 over Sunderland AFC. Han la skorne på hylla i 1998.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Wright spelte 45 landskampar i tida 1984-96, dei to siste kampane kom våren 1996 etter eit opphald på nærare fire år. Han deltok i Fotball-VM 1986 og 1990, og Fotball-EM 1988. Wright skåra sitt einaste landslagsmål då England slo Egypt 1-0 i Cagliari under VM i fotball 1990.

  • Vinnar av FA-cupen: 1992 med Liverpool FC
  • Finalist i FA-cupen: 1996 med Liverpool FC
  • Andreplass i den engelske ligaen: 1984 med Southampton FC

  1. 1,0 1,1 «Mark Wright». Barry Hugman's Footballers. 
  2. Goodwin, Chris; Isherwood, Glen (11. oktober 2020). «England Players: Mark Wright». England Football Online. Henta 4. januar 2023. 
  3. Chalk, Gary; Holley, Duncan; Bull, David (2013). All the Saints: A Complete Players' Who's Who of Southampton FC. Southampton: Hagiology Publishing. s. 512. ISBN 978-0-9926-8640-6. 
  4. Mark Wright: Former Liverpool captain returns to Southport‚ bbc.com, 23 May 2017