Mariner 9
Mariner 9 var ein romsonde i det amerikanske Mariner-programmet. Han vart skoten opp 30. mai 1971 og nådde planeten Mars i midten av november same året. Mariner 9 var det første menneskeskapte objektet som vart sendt i bane rundt ein annan planet; før hadde romsondane berre floge forbi målet og vidare utover solsystemet.
Målsetjingar
[endre | endre wikiteksten]Mariner 9 skulle fortsetje studien av atmosfære nsom Mariner 6 og 7 byrja med, romsonden skulle òg kartleggje over 70 % av marsoverflata frå ei lågare høgd (1500 kilometer) og større oppløysing (100 - 1000 meter per piksel) enn nokon tidlegare marssonde. Ein infraraudt radiometer skulle søkje etter varmekjelder som bevis på vulkansk aktivitet. Han skulle òg studere temperaturforandringar. Dei to marsmånane Phobos og Deimos skulle òg undersøkjast.
Resultat
[endre | endre wikiteksten]Når Mariner 9 kom til Mars var atmosfæren så fylt av støv at oveflata ikkje kunne sjåast. Denna uventa situasjonen viste fordelane med å studere ein planet medan ein gjekk i bane rundt han, istaden for å berre flyge forbi. Datamaskina om bord Mariner 9 vart programmert til å utsetje fotograferinga eit par månader til støvet hadde lagt seg. Etter 349 døgn hadde Mariner 9 sendt 7329 bilete av meir enn 80 % av marsoverflata og fotografert begge marsmånane.
Etter at romsonden tømte all drivstoff som opprettheldt høgde, vart han slått av den 27. oktober 1972. Ein reknar med at Mariner 9 gjekk i bane kring Mars fram til 2020-åra og at han då gjekk inn i marsatmosfæren.
Det enorme riftdalen Valles Marineris er døypt etter Mariner 9 som oppdaga han.