Maria Anna Mozart
Maria Anna Mozart | |||
| |||
Fødd | 30. juli 1751 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Salzburg | ||
Død | 29. oktober 1829 (78 år) | ||
Dødsstad | Salzburg | ||
Fødenamn | Maria Anna Walburga Ignatia Mozart | ||
Alias | Nannerl | ||
Opphav | Salzburg erkebispedømme | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | klavikord, fiolin | ||
Verka som | pianist, komponist, cembalist | ||
Mor | Anna Maria Mozart | ||
Far | Leopold Mozart |
Maria Anna Mozart (30. juli 1751–29. oktober 1829), seinare baronesse Berchtold von Sonnenburg, kjend som «Nannerl» blant vener, var den eldre systera til Wolfgang Amadeus Mozart. Ho var dotter av komponisten Leopold Mozart og Anna Maria Pertl, og var sjølv pianist og skal også ha komponert.
«Nannerl» var ein gåverik pianist, og drog som ung på konsertturnear i mange land i Europa saman med Wolfgang.[1] Allereie som elleveåring spelte ho vanskelege sonatar og konsertar for klaver — betre enn bror sin — og fekk heider og gåver frå høgtståande personar. Det er ikkje att komposisjonar etter henne, men det finst brev der Wolfgang lovprisar arbeida hennar og oppfordrar henne til vidare innsats. Ho kom likevel i skuggen av bror sin, og levde seinare i livet som kone og mor, og gav undervising i piano.
Etter at far hennar nekta henne å gifta seg med kammerherre Franz Armand d'Ippold, gjekk ho i 1784 inn i eit fornuftsekteskap med den 15 år eldre Johann Baptist Reichsfreiherr Berchtold von Sonnenburg (1736–1801). Dei levde i St. Gilgen i same huset som mor hennar var blitt fødd i. Ektemannen hadde fem barn frå to tidlegare ekteskap, og sjølv fekk ho tre barn med han. Etter at ektemannen døydde i 1801 drog Nannerl tilbake til Salzburg, der ho var ein høgt respektert pianolærar.
Ho blei blind i ein alder av 74 år. Etter at ho døydde i 1829 blei ho etter eige ønske gravlagd på den kommunale gravplassen St. Peter i Salzburg.
Dagbøker, brev og erindringar etter Nannerl var og er verdifulle kjelder for Mozart-forskarar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Milo, Sylvia (8. september 2015). «The lost genius of Mozart's sister» (på engelsk). The Guardian. Arkivert frå originalen 12. august 2018. Henta 12. august 2018. «Maria Anna (called Marianne and nicknamed Nannerl) was – like her younger brother – a child prodigy. The children toured most of Europe (including an 18-month stay in London in 1764-5) performing together as “wunderkinder”.»
- Denne artikkelen bygger på «Maria Anna Mozart» frå Wikipedia på bokmål, den 30. april 2020.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Constantin von Wurzbach: «Berchtold, Maria Anna Reichsfreiin von.» I Biographisches Lexikon des Kaiserthums Oesterreich. 1. Del. Universitäts-Buchdruckerei L. C. Zamarski (vormals J. P. Sollinger), Wien 1856, s. 290 f. (Innscanning).
- Constantin von Wurzbach: «Mozart, Maria Anna.» I Biographisches Lexikon des Kaiserthums Oesterreich. 19. Del. Kaiserlich-königliche Hof- und Staatsdruckerei, Wien 1868, s. 297 (appendiks) (Innscanning).
- Eva Rieger: Nannerl Mozart. Leben einer Künstlerin im 18. Jahrhundert. Frankfurt/M. 1990. Omarbeidet utgave 2005. Svensk omsetjing 1992.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av og om Maria Anna Mozart i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Eva Rieger: Nannerl Mozart, fembio.org, Frauen-Biographieforschung
- «Mozart, Maria Anna», sophie-drinker-institut.de