Hopp til innhald

Manfred Wörner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manfred Wörner

Fødd24. september 1934
Stuttgart
Død13. august 1994 (59 år)
Statsborgar avTyskland
PartiChristlich Demokratische Union (1956)
Yrkepolitikar, jurist, diplomat
InstitusjonarBaden-Württemberg
Baden-Württembergs landdag
Göppingen
Utdanna vedUniversitetet i Heidelberg
Universitetet i Paris
Ludwig-Maximilians-Universität München
Johannes-Kepler-Gymnasium
MedlemJunge Union
Europarådets parlamentarikerforsamling
VervGeneralsekretær i NATO 1988-1994]]
FøregangarPeter Carington
EtterfylgjarSergio Balanzino
Alle verv
  • Generalsekretærar i NATO (1988–1994)
  • medlem av Forbundsdagen (1965–1969)
  • Tysklands forsvarsminister (1982–1988)
  • varamedlem i Europarådets parlamentariske forsamling (1973–1977)
  • medlem av Forbundsdagen (1987–1988)
  • medlem av Forbundsdagen (1983–1987)
  • medlem av Forbundsdagen (1980–1983)
  • medlem av Forbundsdagen (1976–1980)
  • medlem av Forbundsdagen (1969–1972)
  • medlem av Forbundsdagen (1972–1976) Sjå dette på Wikidata

Dr. jur. Manfred Wörner (fødd 24. september 1934 i Stuttgart, død 13. august 1994 i Brussel) var ein tysk konservativ politikar (CDU) og diplomat. Han var forsvarsminister i Tyskland frå 1982 til 1988, og generalsekretær i NATO frå 1988 til han døydde i 1994. Slutten på den kalde krigen fann stad innanfor embetsperioden hans. Han fekk kreftdiagnose under tida si som generalsekretær, men han valde å bli verande i posten til få dagar før han døydde av sjukdomen. Mange syntest dei fekk eit glimt av mennesket bak generalsekretærrollen då han gretande kommenterte bortgangen den norske utanriksministeren Johan Jørgen Holst i januar 1994 - berre nokre månader før han sjølv gjekk bort.

Wörner var barneborn av Luftwaffe-generalen Hermann Aldinger, sjef for 1. tunge luftvernbatteri i Legion Condor under den spanske borgarkrigen. Han voks opp i huset til bestefaren i Stuttgart-Bad Cannstatt og gjekk på Johannes-Kepler-gymnasiet der. Etter at han tok sin Abitur i 1953 studerte han jus i Heidelberg, Paris og München. Han tok sin første juridiske statseksamen i 1957 og den andre i 1961, og vart same år dr. jur. med eit arbeid innan internasjonal rett. Han gjorde deretter karrière som embetsmann, og var dessutan jagarpilot og reserveoffiser i Luftwaffe. Han vart innvald i det tyske parlamentet i 1965, og var viseformann for den konservative fraksjonen og dessutan formann for forsvarskomitéen. I 1982 vart han utnemnd til forsvarsminister i regjeringa til Helmut Kohl. Han gjekk av som forsvarsminister den 18. mai 1988 og vart generalsekretær i NATO den 1. juli same år.

Sidan 1996 har det tyske forsvarsministeriet utdelt ein Manfred Wörner-medalje til offentlege personar som har gjort ein særleg innsats for fred og fridom i Europa. Mottakarar av medaljen inkluderer Richard Holbrooke, Ewald von Kleist, Javier Solana, Christian Schwarz-Schilling, Martti Ahtisaari og Klaus Naumann.[1]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]