Hopp til innhald

Mads Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mads Berg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1865
Død

3. juli 1955 (90 år)

Yrke komponist

Mads Hansen Berg (16. februar 18653. juli 1955) var ein norsk skulemann og songpedagog, fødd i Idd.[1]

Foreldra til Mads var skulelærar og kyrkjesongar Anders Hansen Berg og kona Inger Madsdotter. Dei budde på garden Berg i Enningdalen i Idd i Østfold.[2]

Mads Berg var overlærar i Aker frå 1925-35.[3] Han gav ut skulebøker, mest kjend er Skulesongbok eller Skolens sangbok, som kom i mange utgåver og opplag frå 1914 og resten av hundreåret; 25. utgåve 12. opplag kom i 1995. Mads Berg har òg komponert songar, mellom anna melodiane til Margrethe Munthe sin song «Jeg snører min sekk» og «Ein småfugl sat» av Elias Blix.

Han var med i sentralstyret til Riksmålsforbundet. Frå 1919 til 1928 redigerte han Riksmålsbladet.[4]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]