Lamezia Terme
Lamezia Terme | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Calabria | ||
Provins | Catanzaro | ||
Areal | 162,43 km² | ||
Folketal | 67 026 (1. januar 2023) | ||
Borgarmeister | Giovanni Speranza | ||
Postnummer | 88046 | ||
Retningsnummer | 0968 | ||
Lamezia Terme 38°58′00″N 16°18′00″E / 38.966666666667°N 16.3°E | |||
Wikimedia Commons: Lamezia Terme |
Lamezia Terme er ein by i provinsen Catanzaro i regionen Calabria Italia.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Lamezia ligg ved den austlege enden til ei kystslette som vanlegvis vert kalla Piana di Sant'Eufemia, midt på den calabriske kysten ved Tyrrenhavet. Sletta var tidlegare eit myrområde, men har vorte drenert.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kommunen Lamezia Terme vart formelt oppretta 4. januar 1968. Området inneheld dei tidlegare kommunane Nicastro, Sambiase og Sant'Eufemia Lamezia. Den kontroversielle samanslåinga var meint å skape ei sterkare eining med ei betre økonomisk utvikling.
- Nicastro
Nicastro har spor tilbake til 800-talet då Calabria var ein del av Austromarriket. Då vart ei borg kalla Neo Castrum («Ny Borg») bygd. Eit stort benediktinarkloster, St. Eufemia, vart grunnlagd her i 1062 av den normanniske greven Robert Guiscard. Han var lenge eit len for Caracciolo-familien og seinare høyrte det itl D'Aquino-familien. Byen vart nesten heilt lagt i grus av eit jordskjelv i 1638 der meir enn 100 innbyggjarar omkom, og seinare vart klosteret lagt i grus. Borga, som var bygd av normannararane og utvida av keisar Fredrik II og angevinkongane fall saman. Flaum og fleire jordskjelv fylgde på 1700-talet.
Nicastro opplevde stor emigrasjon seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet (om lag 8 000 innbyggjarar), i tillegg til etter den andre verdskrigen.
- Sambiase
Sambiase vart grunnlagd rundt 900-talet rundt eit kloster tileigna St. Biase, som byen har fått namn etter. Han hadde mange kyrkjer, men i dag står berre fem av dei att.
- Sant'Eufemia Lamezia
Dagens Sant'Eufemia Lamezia ligg ikkje der han låg i antikken. Den eldste busetnaden var den greske Terina, som i dag har vorte graven ut. Sant'Eufemia Lamezia (i dag Sant'Eufemia Vetere) vart grunnlagd på ein ås kort tid etter jordskjelvet i 1638. Den noverande bydelen vart bygd under facistperioden etter at eit myrområde vart drenert.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lamezia Terme» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2007.