LCD
Utsjånad
Liquid crystal display (LCD) er ein tynn, flat skjerm som består av eit antal pikslar oppstilt framfor ei lyskjelde eller ein reflektor. Ein LCD brukar svært lite elektrisitet og eignar seg difor godt i batteridrivne elektroniske einingar.
Kvar piksel (biletelement) består av ei rad flytande krystallmolekyl som står mellom to gjennomsiktige elektrodar og to polariseringfilter.