Kvinnesultanatet
Kvinnesultanatet (tyrkisk Kadınlar saltanatı) var ein periode i Det osmanske riket då konene og mødrene til sultanane hadde uvanleg stor innverknad.[1] Ein set gjerne starten for denne tida til giftarmålet mellom sultan Suleiman I med Hurrem Sultan (Roxelana) i 1533, og slutten med avsettinga av Turhan Hatice Sultan som regent i 1656. Viktige kvinner i denne tida var Mihrimah Sultan, Nurbanu Sultan, Esther Handali, Safiye Sultan, Esperanza Malchi, Beatrice Michiel og Kösem Sultan.
Sultanaene med innverknad i denne perioden var anten koner av sultanen, med tittelen haseki sultan, eller mor til sultanen, med tittelen valide sultan. Mange av desse kvinnene var opphavleg slavar, ein skikk ein venta i sultanatet ettersom ein meinte tradisjonelle ekteskapsroller innebar for stor risiko for sultanen, som ikkje skulle ha nokon andre personlege band utover tittelen sin.[1] Sultanaene hadde politisk og sosial makt som gjorde at dei kunne påverka det daglege styret av riket og driva velgjerds- og bygningsarbeid, som Valide Sultan-moskeen i Istanbul.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Kumar, Lisa, red. (2017). Encyclopedia of World Biography. Farmington Hills, MI: Gale. s. 305–306. ISBN 9781410324139.
- Denne artikkelen bygger på «Kvinnornas sultanat» frå Wikipedia på svensk, den 8. september 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Sultanate of Women» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2022.