Kremfløyte
Utsjånad
Fløyte er den feittrike delen av mjølka, framstilt ved separering av heilmjølk frå ku. Fløyte med høgt feittinnhald kan piskast til krem, og blir kalla kremfløyte.
Kremfløyten vert pasteurisert før han kjem i handelen, men han vert ikkje homogonisert.
Fløyte vert bruka i mellom anna supper, sausar, gryterettar og dessertar. Fløyten kan brukast som han er til frisk frukt og bær. Ein kan òg piske kremfløyte til krem.
Næringsinnhald
[endre | endre wikiteksten]I Noreg inneheld kremfløyten 38 % feitt. Andre land kan ha lettare piskefløyte, med feittinnhald på 32 %, eller «dobbel kremfløyte» som inneheld 48 % feitt.
100 g Tine kremfløyte gjev om lag:
- 1491 kJ (362 kcal) energi
- 2,1 g protein
- 2,9 g karbohydrat
- 38,0 g feitt
- 75 mg kalsium
- 0,14 mg riboflavin (vit. B2)
- 530 mg vitamin A
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Ordet fløyte kjem frå norrønt flautir, 'noko som flyt oppå'. Ordet krem kjem frå gallisk via fransk, der ordet tyder fløyte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tine Arkivert 2008-12-22 ved Wayback Machine.
- Matvareguiden
- Nynorskordboka