Konrad
Utsjånad
Konrad er eit mannsnamn med tysk utsprang, Kuonrat; «Han som gjev djerve råd». Kon (Kühn eller Kuon) tyder djerv, dristig eller uredd, medan Rad (Rat) tyder råd eller rådslag. Kortforma Kurt er mest utbreidd i Noreg i dag.
Medan Konrad er kjend i Noreg frå 1300-talet, har kortformane Kurt og Kort spreidd seg sidan 1400-talet. I dag vert ikkje Kort nytta. Bruken av gutenamnet Konrad kulminerte rundt 1900, og er ikkje eit vanleg dåpsnamn i dag, men har hatt ein liten oppsving dei siste åra.
Namnedagar
[endre | endre wikiteksten]Konrad har norsk namnedag den 26. november, medan namnet blir feira den 12. november i Sverige.
Kjende berarar av namnet
[endre | endre wikiteksten]- Konrad Lorenz (1903-1989), ein av grunnleggjarane av etologien og nobelprisvinnar i fysiologi/medisin.
- Konrad Adenauer (1867-1976), tysk sambandskanslar
- Konrad Nielsen (1875-1953), norsk språkforskar
- Konrad Nordahl (1897-1975), norsk politikar og LO-leiar
- Conrad Clausen (1902-1990), norsk-amerikansk forfattar
- Konrad Zuse (1910-1995), tyskar som konstruerte den første programmerbare datamaskina.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- SSB - namnestatistikk for mannsnamnet Konrad i Noreg.