Kondominium
Utsjånad
Kondominium (av latin con-dominium, «felles eigedom», òg kondominat) refererer til at fleire statar styrer over eit felles område. Området i seg sjølv har nemninga kondominium.
I historia finst ei rekkje eksemplar på kondominium, men slike forvaltingar viste seg ofte å vere ustabile, og dei fleste kondominium enda under styret åt ein enkelt stat.
Historiske kondominium
[endre | endre wikiteksten]- Kypros var i over 300 år delt mellom den bysantinske keisar og kalifen.
- Schleswig-Holstein var preussisk og austerriksk kondominium frå 1864 til 1866.
- Sudan var fram til 1956 britisk-egyptisk kondominium.
- Det nøytrale Moresnet var frå 1816 til 1919 eit preussisk (seinare tysk) og nederlandsk (seinare belgisk) kondominium.
- Bosnia-Hercegovina var frå 1908 eit austerriksk-ungarsk kondominium (Austerrike-Ungarn bestod av to separate statar, som forvalta dette området i fellesskap).
- Etter fransk rett blei Andorra lenge sett på som eit fransk-spansk kondominium, men det er nå vanlegare å rekne det som medfyrstedømme.
- Ny-Hebridane (i dag Vanuatu) var fram til 1980 under felles britisk og fransk styre.
- Den britiske regjeringa foreslo i 2001 å dele suvereniteten over Gibraltar med Spania, men det blei avvist av folket i Gibraltar i ei folkeavstemming i 2002.