Komfyr
Utsjånad
Komfyr er ein omn brukt til matlaging, hovudsakleg på kjøkken. Komfyrar har gjerne platetopp og steikeomn. Opphavleg brukte ein vedkomfyr til å laga mat på, men i moderne tid har ein også teke i bruk kol, brennbar gass og elektrisk straum til å varma mat. I Noreg er elektrisk komfyr vanlegast.
Komfyrar kan koma som frittståande møblar med platetopp oppå og steikeomn nede, eller desse kan koma separat slik at dei kan installerast kvar for seg. I ein vedomn kan ein nytta varmen frå steikeomnen til plater eller ringhòl oppå, men i moderne komfyrar treng ein ikkje dette.
Ordet «komfyr» kjem via nederlandsk frå gammalfransk chauffoir, 'varmestove'.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Vedkomfyr frå 1900.
-
Moderne indisk vedkomfyr.
-
Kolkomfyr
-
Gasskomfyr frå England i 1934.
-
Elektrisk komfyr i Malawi.
-
Moderne gassplatetopp.
-
Elektrisk platetopp med glødande plater fotografert i 2005.
-
Induksjonskomfyr som koker vatn gjennom papir fotografert i 2011.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«komfyr» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Denne matartikkelen som har med teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.