Klippesvale
Klippesvale | |
Klippesvale | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av klippesvale | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Svalefamilien Hirundinidae |
Slekt: | Ptyonoprogne |
Art: | Klippesvale P. rupestris |
Vitskapleg namn | |
Ptyonoprogne rupestris |
Klippesvale (Ptyonoprogne rupestris) er ein liten fugl i svalefamilien. Klippesvala hekkar i fjell opp til 2000 moh.[1] i Sør-Europa, ved Middelhavet og i Sør-Asia. Mange europeiske fuglar er standfuglar, men nokre nordlege populasjonar i Europa og dei fleste asiatiske fuglane er trekkfuglar. Dei overvintrar i Nord-Afrika og India.
Klippesvala er 14-15 cm lang. I vanar og utsjånad kan ho likne andre artar som beitar på insekt i flukt, som til dømes andre svaleartar og seglarar. Ho har brun overside og mørk underside, og viser kvite, distinkte flekker på halefjørene i flukt. På avstand kan klippesvale likne sandsvale, men klippesvala er større, har mørkare underside, og manglar det mørke brystbandet. Flyginga er rask og smidig når klippesvala snappar insekt i lufta. Ho har breie, spisse venger.
Klippesvala byggjer eit fint halvkuleforma reir av gjørme som ho samlar nebbet, og legg 3-5 egg. Reiret ligg vanlegvis i ein bergvegg under overheng. Men dei vil lett tilpasse seg bygningar og motorvegbruer. Det er ikkje normalt at dei dannar store hekkekoloniar, utanfor hekkesesongen er dei selskaplege.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Crag Martin» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2009
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Svensson, Lars; et al. (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7. Henta 14. desember 2009.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar av klippesvaler hos Internet Bird Collection