Klampenborg
Utsjånad
Klampenborg | |
---|---|
Søholm rekkjehus. Som mange andre bygningar i Klampenborg er dei teikna av Arne Jacobsen. | |
Styresmakter | |
Land Region Kommune |
Danmark Region Hovedstaden Gentofte kommune |
Geografi | |
Innbyggjarar | 68 672 |
Diverse anna | |
Postnummer | 2930 |
Klampenborg er ein forstad til København som ligg ved Øresund mellom Taarbæk og Skovshoved opp mot Dyrehavsbakken. I Klampenborg ligg mellom anna Bellevue strand, Bellevue Teatret, Klampenborg galoppbane og Bellavista bustadområde. Staden har eigen stasjon på Kystbanen, med samband til S-banen, lokaljernbanen i københavnområdet.
Det første kurbadet i Danmark, Klampenborg Vandkur- Brønd- og Søbadeanstalt, opna her i 1845.[1][2] Jernbanestasjonen opna i 1864. Frå 1896 til 1973 blei det populære Bellevue Strandhotel drive her.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Klampenborg» frå Wikipedia på dansk, den 15. juni 2012.
- ↑ Silkeborg Bads historie i korte træk
- ↑ Jørgen Sømod: Poletter & Pengetegn i Danmark siden stenalderen og indtil omkring 1960, 1. del, Tegn indtil 1875, arkivert frå originalen 12. februar 2008, henta 15. juni 2012