Khabab
Khabab | |||
خبب | |||
landsby | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Al-Sanamayn-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Sanamayn | ||
Høgd | 700 moh. | ||
Koordinatar | 33°0′51.39″N 36°16′29.76″E / 33.0142750°N 36.2749333°E | ||
Folketal | 3 379 (2004) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Khabab 33°00′51″N 36°16′38″E / 33.014166666667°N 36.277222222222°E | |||
Kart som viser Khabab.
| |||
Wikimedia Commons: Khabab | |||
Nettstad: http://www.chabab.sy/ |
Khabab (arabisk خبب, syrisk ܟܚܐܒܐܒ, Khababb) er ein by sør i Syria på Hauransletta, ein del av Daraa guvernement, 57 km sør for Damaskus og kring same avstanden frå byen Daraa.
Det gamle namnet på byen er Abiba i dei gamle syrisk språka arameisk og assyrisk, og tyder ei «slette med grønt gras».
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1596 var Khabab oppført i osmanske skattelister som Habab og var ein del av Bani Kilab nahiya i Hauran qada. Han hadde ein muslimsk folkesetnad som bestod av 45 hushaldningar og 30 ungkarar, og nokre kristne, 3 hushaldningar og 2 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og bikubar.[1]
Klima
[endre | endre wikiteksten]Vêret i Khabab er det same som i det sørlege Syria, med nokre få kuldebølgjer om vinteren og relativt steikande somrar.
Årsmiddelnedbøren er kring 250 mm og temperaturen varierer frå ned mot -4 ºC om vinteren til opp mot 38 ºC om sommaren.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjartalet i byen er 8 000-10 000 og kring 40 000 personar i verda, utanfor Syria, kjem opphavleg frå landsbyen, spreidd mellom Frankrike, USA, Canada, Brasil, og Australia og fleire arabiske land.
Fleire innbyggjarar i Khabab er kristne og følgjer den melkittiske kyrkja (bysantinsk).
Det er fire kyrkjer i Khabab: St. Maria-katedralen, St. Rita-basilikaen, St. Elliot-basilikaen og St. Mikael-basilikaen. St. Mikael er eldgamel og falleferdig.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Hovudnæringa i Khabab er jordbruk. I seinare år har jordbruket gått dårlegare på grunn av lengre tørkeperiodar som har gjeve dårlegare avlingar, fleire har byrja å jobbe i andre sektorar og ungdommen flyttar til dei større byane.[treng kjelde]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Khabab» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and Sør Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- khabab.net
- khabab.com
- Come to Syria
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 209.