Hopp til innhald

Kfar Truman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kfar Truman
כְּפַר טְרוּמַן
moshav
Land  Israel
Region Shephelah
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Modi'in
Koordinatar 31°58′46.92″N 34°55′19.91″E / 31.9797000°N 34.9221972°E / 31.9797000; 34.9221972
Areal 1,7 km²
Folketal 882 (2015)
Grunnlagd 1949
 •  Grunnlagd av Demobiliserte Palmach-soldatar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Kfar Truman
31°58′47″N 34°55′20″E / 31.979722222222°N 34.922222222222°E / 31.979722222222; 34.922222222222
Kart som viser Kfar Truman.
Kart som viser Kfar Truman.
Kart som viser Kfar Truman.
Wikimedia Commons: Kfar Truman

Kfar Truman (hebraisk skrift כְּפַר טְרוּמַן, tyder 'Truman-landsbyen') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah kring 3 km aust for Ben Gurion internasjonale lufthamn og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 606.

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte Palmach-soldatar, og vart først kalla Bnei Harel. I 1950 føreslo representantar frå Jewish Agency å endre namnet til Kfar Truman, til ære for den amerikanske presidenten Harry S. Truman, som gav viktig støtte til opprettinga av Staten Israel. Til gjengjeld, vart moshaven offisielt anerkjent, og gav han rettar til vegar, innlagt vatn og elektrisitet.[1] Skogen ved Kfar Truman vart kalla opp etter Margaret Truman, dottera til presidenten.[1]

Landsbyen vart bygd på landområde som høyrte til landsbyen Beit Nabala.

  1. 1,0 1,1 «Kfar Truman». Jewish Sightseeing. Henta 16. august 2015.