Kfar Shamai
Utsjånad
Kfar Shamai | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Merom HaGalil | ||
Koordinatar | 32°57′24.48″N 35°27′25.22″E / 32.9568000°N 35.4570056°E | ||
Folketal | 460 (2015) | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | Immigrantar frå Jemen | ||
Kfar Shamai 32°57′24″N 35°27′25″E / 32.9568°N 35.457005555556°E | |||
Kart som viser Kfar Shamai.
| |||
Wikimedia Commons: Kfar Shamay |
Kfar Shamai (כפר שמאי) er ein moshav i Øvre Galilea nær byen Safed nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune.
Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar til Israel frå Jemen. Dei fleste av desse immigrantane har blitt buande, og i løpet av åra har fleire kome til frå Romania og Marokko.
Namnet «Kfar Shamai» kjem frå Shammai den eldre, som var partnaren til Hillel den eldre. I følgje jødisk tradisjon vart Shammami gravlagd i Har Meron eller på Shammaiåsen nær landsbyen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kfar Shamai» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: