Hopp til innhald

Kaddísj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jødedommen
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Kaddísj (arameisk קַדִּישׁ [qaddīš]) er namnet på ei lovprisingsbøn i jødedommen. Denne bøna, som i dei aller fleste jødiske meinigheiter blir lesen på arameisk, inneheld ikkje Guds Namn og inneheld vanlegvis ikkje noka eksplisitt forbøn for døde heller, men er mest vidkjend i sin funksjon som minnebøn i dag. Kaddísj blir berre lese i minján.

«Kaddísj le‘élla» = «Ḥaṣí kaddísj»

[endre | endre wikiteksten]

«Kaddísj le‘élla» (sefardisk namn) eller «Hasí Kaddísj» (askenasisk namn) er kjernedelen av alle kaddísj-tekstar. Sagt utan tillegg er Kaddísj le‘élla bruka som avslutning på mindre delar av gudstenesta.

Tekst (sefardisk versjon frå Nederland)

[endre | endre wikiteksten]

Leiaren seier:

יִתְגַּדַּל וְיִתְקַדַּשׁ שְׁמֵיהּ רַבָּא (אָמֵן). בְּעַלְמָא דִּי בְּרָא כִרְעוּתֵיהּ. וְיַמְלִיךְ מַלְכוּתֵיהּ. וְיַצְמַח פֻּרְקָנֵיהּ. וִֽיקָרֵב מְשִׁיחֵיהּ (אָמֵן). בְּחַיֵּיכוֹן וּבְיֽוֹמֵיכוֹן וּבְחַיֵּי דְכָל־בֵּית יִשְׂרָאֵל. בַּֽעֲגָלָה וּבִזְמַן קָרִיב. וְאִמְרוּ אָמֵן (אָמֵן)׃.

[Jitgaddal vəjitqaddaš šəmēh rabbā (Āmēn!), bə‘almā dī bərā khir‘ūtēh; vəjamlīkh malkhūtēh, vəjaṣmàḥ purqānēh, vīqārēḇ Məšīḥēh (Āmēn!); bəḥajjēkhōn uḇjōmēkhōn uḇḥajjē dəkhol-bēt Jisrā’ēl, ba‘ăgālā uḇizman qārīḇ, və’imrū «āmén» (Āmēn!).]

(Stort og helga vere det store Namnet Hans (Amén!), i verda som Han skapte etter viljen Sin; og regjere riket Hans; og [lat ho] spire, frelsa Hans; og [lat han] nærme seg Masjíahen Hans (Amén!); — i liva dykkar og i dagane dykkar og i liva åt alt Jisraél — snarleg og i ei nær tid; og sei de «Amén»! (Amén) )

Meinigheita svarar:

יְהֵא שְׁמֵיהּ רַבָּא מְבָרַךְ. לְעַלַּם לְעַלְמֵי עַלְמַיָּא יִתְבָּרַךְ.

[Jəhē šəmēh rabbā məbārakh, lə‘allam lə‘almē ‘almajjā jitbārakh;]

(Vere det store Namnet Hans signa; i æva og i ævers æva vere det signa!)

(I nokre tradisjonar svarar leiaren «Amén» og tek opp att «Yehé Sjeméh ...» etter meinigheita.)
Leiaren fortset:

וְיִשְׁתַּבַּח וְיִתְפָּאַר וְיִתְרוֹמַם וְיִתְנַשֵּׂא וְיִתְהַדַּר וְיִתְעַלֶּה וְיִתְהַלַּל שְׁמֵיהּ דְּקוּדְשָׁא. בְּרִיךְ הוּא (אָמֵן) לְעֵֽילָּא (לְעֵֽילָּא) מִן כָּל בִּרְכָתָא שִֽׁירָתָא תּוּשְׁבְּחָתָא וְנֶחָֽמָתָא דַּֽאֲמִירָן בְּעַלְמָא. וְאִמְרוּ אָמֵן (אָמֵן)׃.

[vəjištabbaḥ, vəjitpāar, vəjitrōmam, vəjitnassē, vəjithaddar, vəjit‘alle, vəjithallal Šəmēh dəQudšā; bərīkh Hū (Āmēn!), lə‘ēllā (lə‘ēllā) min kāl birkhātā, šīrātā, tušbəḥātā, vəneḥāmātā, da’ămīrān bə‘almā, və’imrū «āmēn» (Āmēn!).]

(— og prisa, og glorifisert, og gjort høgt, og løfta, og æra, og heva, og lovprist, Namnet åt den Heilage! Signa vere Han (Amén!), høgt som Han er over all signing, hymnar, lovprisingar og trøystar som blir sagde på jorda; og sei de «amen»! (Amén!) )

Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.