Kaare Bratung
Utsjånad
Kaare Bratung | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. juli 1906 Bodø |
Død | |
Yrke | illustratør, teikneserieskapar |
Kaare Bratung (fødd 5. juli 1906 i Bodø, død 1985) [1][2] var ein norsk teiknar og teikneserieskapar. Han lærte seg teikning og måling på Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Før han tok til som teikneserieskapar arbeidde han som reklameteiknar og teiknar for vekeblad.
Under andre verdskrigen vart Bratung arbeidslaus. Han sette då i gang med å lage teikneseriar av J. F. Cooper sine indianarforteljingar Hjortefot, Stifinnar og Den siste mohikanar. Desse fekk han gjeve ut i 1942 og 1946.
Dei best kjende teikneseriane Brantung skapte er Baldrian, Dagros og Professoren. Desse finn ein enno i norske aviser.
Kaare Bratung fekk Kultur- og kirkedepartementets sin teikneseriepris i 1977 for teiknearbeidet sitt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004