Justo Villar
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Justo Wilmar Villar Viveros | ||
Fødd | 30. juni 1977 | ||
Fødestad | Cerrito | ||
Høgd | 180 cm | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Estudiantes | ||
Nummer | 1 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1996-99 2001-04 2004-08 2008-11 2011- |
Sol América Club Libertad Newell's Old Boys Real Valladolid Estudiantes |
119 (0) 109 (0) 135 (0) 44 (0) 2 (0) | |
Landslag | |||
1999- | Paraguay | 93 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 19. juli 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 25. juli 2011 |
Justo Wilmar Villar Viveros (fødd 30. juni 1977 i Cerrito i Ñeembucú-departementet) er ein paraguayansk fotballspelar og keeper for Paraguay sitt landslag og Estudiantes i Argentina.
Villar begynte karrieren sin i klubben Club Sol de América i hovudstaden Asunción. I 2001 gjekk han til den større hovudstadsklubben Club Libertad, der han vart seriemeister to år på rad i 2002 og 2003. Han vart kåra til årets spelar i Paraguay i 2004. Same året gjekk han til klubben Newell's Old Boys i Argentina. I første sesongen sin der vart han kåra til årets keeper i Argentina.
14. juli 2008 vart Villar presentert som Real Valladolid-spelar, og flytta til Europa og spansk 1. divisjon. I den første sesongen sin der spelte han i 15 ligakampar.
Villar fekk den første A-landskampen sin i 1999. Han var med i troppen til fotball-VM i 2002 som reserve for den legendariske José Luis Chilavert. I fotball-VM i 2006 spelte han frå start i Paraguay sin første kamp mot England, men etter sju minutt vart han skada, og var ute resten av turneringa.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 14. mars 2010.