Juliana av Norwich
Juliana | |||
| |||
Teolog og anakoret | |||
Fødd | 8. november 1342 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Norwich | ||
Daud | 15. hundreåret | ||
Dødsstad | Norwich | ||
Yrke | teolog, skribent, anakoret, eremitt, Christian mystic, filosof | ||
Helgendag | 30. mai | ||
Helgen i | Den katolske kyrkja, Den anglikanske kyrkja |
Juliana av Norwich (kring 1342–kring 1423), kjend på engelsk som Julian of Norwich, var ein engelsk mystikar og einebuar. Ho vert ofte titulert salig, men har aldri vorte formelt saligkåra. Juliana er ein av dei mest kjende mystikarane, og er den fyrste kvinnelege forfattaren som skreiv på engelsk.
Ein veit lite og inkje om bakgrunnen til Juliana, før ho vart einebuar. Ho busette seg i eit rom i ei kyrkje, rett utanfor bymurane til Norwich i England. Då ho døydde i cella si rundt 1423, var ho vidkjend for å vera heilag og trekte til seg vitjande frå heile Europa. Kyrkja ho budde i vart øydelagd under andre verdskrigen, men delar av cella hennar finst framleis i St. Julian's Church, som er kalla opp etter henne. Den 13. mai er minnedag over Juliana.
Revelations of Divine Love
[endre | endre wikiteksten]I 1373 var Juliana alvorleg sjuk, og ein rekna med at ho låg for dauden. Ein prest vart tilkalla for å be for henne, og medan han ba heldt han eit krusifiks opp framfor henne. Ho skal då ha opplevd at all smerte og sjukdom vart borte og at ho varte friskare enn før. Etterpå skal ho ha fått ein serie på femten openberringar, og dagen etterpå endå ei. I desse openberringane opplevde Juliana at Gud gav henne innsikt i treeininga og Kristi frelsesgjerning. Ho skreiv ned openberringane. Tjue år seinare gav ho dei ut i boka Revelations of Divine Love. Boka inneheld refleksjonar kring dei seksten openberringane, og legg stor vekt på Guds kjærleik til menneska, og teiknar eit bilete av eit svært nært forhold mellom menneske og Gud.
Utgjevingar på norsk
[endre | endre wikiteksten]- Innhyllet i kjærlighet, St. Olav Forlag, Oslo, 1986, ISBN 82-7024-045-1 (Bokmål)
- Visjoner av Guds kjærlighet, Oslo: Luther Forlag, 2000. ISBN 82-531-4522-5 (bokmål)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Julian av Norwich» frå Wikipedia på bokmål, den 18. oktober 201.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (engelsk) Nettside til St. Julian's Church. Kyrkja inneheld restane av cella hennar.
- (engelsk) Heile Revelations of Divine Love, kan lastast ned frå ccel.org.
- (engelsk) Artikkel hos Catholic Encyclopedia.
- (engelsk) Anglikansk nonneorden som fokuserer på skrifta hennar.