Hopp til innhald

Johnny Carter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johnny Carter

Fødd2. juni 1934(1934-06-02)
FødestadChicago i Illinois i USA
Død21. august 2009 (75 år)
DødsstadHarvey i Illinois i USA
FødenamnJohn E. Carter
OpphavUSA
Aktiv1960–2009
SjangerRhythm and blues, Doo-wop
Instrumentvokal
Tilknytte artistarThe Flamingos, The Dells
Verka somSongar

Johnny Carter (2. juni 193421. august 2009) var ein amerikansk doo-wop- og R&B-songar. Han var med å starte The Flamingos og var medlem av The Dells. Begge gruppene er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, så Carter er ein av få som er oppteken i æresgalleriet fleire gonger. Han kom med i The Dells då han erstatta Johnny Funches i 1960 og vart verande eit aktivt medlem i gruppa fram til han døydde.

Carter døydde av lungekreft i Harvey i Illinois, 75 år gammal.[1]