Hopp til innhald

John Dee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Dee

Fødd13. juli 1527
London
Død26. mars 1609
Mortlake
Områdematematikk, alkymi
Yrkefilosof, matematikar, astronom, astrolog, geograf, kartograf, skriver
InstitusjonarUniversitetet i Paris
Rudolf II av Det tysk-romerske riket
Alma materTrinity College i Cambridge
St John's College
det gamle universitetet i Leuven
DoktorgradsrettleiarGemma Frisius
Gerardus Mercator
EktefelleJane Dee
BarnArthur Dee

John Dee (fødd 13. juli 1527 i London, død 1608/1609 i Mortlake) var ein engelsk alkymist, astrolog og matematikar.

Han oppheldt seg med studiar og forelesningar på kontinentet frå 1547 til 1550, og reiste attende til England i 1550. Han vart då astrologen til dronning Maria I Tudor. Han vart arrestert for å vere magikar, men vart lauslaten i 1555 og fortsette som astrolog då Elizabeth I tok over trona etter Maria i 1558. Dee medverka til auka interesse for matematikk i England, og ein trur at han omsette delar av verket til Euklid, som kom på engelsk i 1570.