Joachim av Danmark
Joachim av Danmark | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 7. juni 1969 (55 år) Rigshospitalet |
Språk | dansk, fransk, engelsk, tysk |
Religion | Folkekirken |
Far | Henrik av Danmark |
Mor | Margrethe II av Danmark |
Ektefelle | Marie av Danmark |
Joachim av Danmark på Commons |
Joachim (fødd Joachim Holger Waldemar Christian, 7. juni 1969) er prins av Danmark, greve av Monpezat og yngste son av dronning Margrethe II av Danmark og prins Henrik av Danmark. Han vart i 1991 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.
Den 18. november 1995 gifta han seg med Alexandra Manley, ein bankfunksjonær frå Hongkong med røter i Storbritannia, Kina, Polen og Austerrike. Dei fekk to søner:
- Prins Nikolai av Danmark (f. 1999)
- Prins Felix av Danmark (f. 2002)
I september 2004 vart prins Joachim og prinsesse Alexandra separerte. Paret vart skild den 8. april 2005.
Prins Joachim bur på Schackenborg på Jylland.
Prinsen høyrer til fyrstehuset Glücksburg.
Den 24. mai 2008 gifta han seg med franske Marie Cavallier. Ho studerte ved Wellesley i Boston og ved Marymount Manhattan College i New York. Marie fekk ved retur til Europa i 2001 jobb i farens firma i Geneve. Dei har ein son og ei dotter:
- Prins Henrik av Danmark (f. 2009)
- Prinsesse Athena av Danmark (f. 2012)
Titlar
[endre | endre wikiteksten]- Prins Joachim av Danmark, greve av Monpezat
Monogram
[endre | endre wikiteksten]-
Prins Joachims monogram
-
Prins Joachim og hans tidlegare kone Alexandras fellesmonogram
-
Prins Henrik og Prinsesse Maries fellesmonogram