Jenny Følling
Jenny Følling | |||
| |||
Fødd | 19. mars 1962 (62 år) Bygstad | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, konsulent | ||
Utdanna ved | Høgskulen i Volda Høgskulen i Sogn og Fjordane | ||
Alle verv |
|
Jenny Følling (fødd 19. mars 1962) er ein norsk lokalpolitikar frå Senterpartiet. Følling vaks opp i Følling i Viksdalen og er utdanna agroteknikar.
Jenny Følling kom inn i kommunestyret i 1996, i formannskapet i 1999, og vart, som første kvinne, vald til ordførar i Gaular kommune i Sogn og Fjordane i 2003. Ho sat som ordførar fram til 2011, då ho vart fylkesvaraordførar for Sogn og Fjordane.
Følling har vore leiar både for KS sitt fylkesstyre for Sogn og Fjordane (2011-2015) og styret til Innovasjon Noreg si fylkesavdeling i Sogn og Fjordane. Følling har tidlegare hatt styreverv i Firda Billag, Sunnfjord Energi, Lutelandet Utvikling og Breibandforum. Ho er leiar i Stamvegutvalet E39, rådsmedlem i Husbanken region vest og sit i programkomiteen i Senterpartiet.
Følling har vore på fylkestinget sidan 2003. Frå 2011 til 2015 var Jenny fylkesvaraordførar, og i perioden 2015 til 2019 er ho vald til fylkesordførar.
Ho er også ordførar i Sunnfjord kommune
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- NRK-blogg Storing på Storen: Budeiedotter på Holsnipa
- NRK Fylkesleksikon: Jenny Følling
- Store Norske Leksikon: Jenny Følling
- KS: Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Arkivert 2015-03-26 ved Wayback Machine.
- Firda 24.11.2011: Full splid rundt nytt Følling-verv
- Innovasjon Norge: Fylkesavdeling i Sogn og Fjordane.[daud lenkje]
- Firda 30.11.2011: Følling får endå eit mektig styreverv
- Sogn og Fjordane fylkeskommune: Fylkesordførarar
- Kvinnnestemmer frå Sogn og Fjordane: Jenny Følling Arkivert 2018-03-08 ved Wayback Machine.Denne politikkartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.