Hopp til innhald

Jan Ottosson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Ottosson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 10. mars 1960 (64 år)
Färgelanda kommun
Idrett langrenn
Tok del i Ski-VM 1982, cross-country skiing at the 1984 Winter Olympics – men's 4 x 10 km relay, Ski-VM 1987, langrenn under Vinter-OL 1988, Ski-VM 1989, 1989 Vasaloppet, Ski-VM 1991, 1991 Vasaloppet, 1992 Vasaloppet, Ski-VM 1993, 1994 Vasaloppet

Jan Bo Otto Ottosson (fødd 10. mars 1960) frå Högsäter i Dalsland er ein svensk, tidlegare langrennsløpar som tevla for Åsarna IK.

Ottosson vann to OL-gull i stafett, 1984 og 1988. Hans beste plasseringar individuelt i ski-VM og vinter-OL er to sjetteplassar; fyrst på 50 km under OL 1988 og sidan på 15 km under VM 1991.

Han vann eitt renn i verdscupen i langrenn, då han 14. januar 1983 sigra i ein 15 km i Reit im Winkl. Ottosson sikra seg åtte SM-titlar i tida mellom 1983 og 1994.

Ottosson vann Vasaloppet fire gongar; 1989, 1991, 1992 og 1994.

OL-medaljar

[endre | endre wikiteksten]

Gullmedaljar i svenske meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • 1983: 30 km og 50 km
  • 1985: 30 km
  • 1988: 15 km og 50 km
  • 1990: 15 km
  • 1994: 50 km og 25/15 km jakstart

I perioden 1980-94 vann Åsarna IK elleve av dei femten SM-stafettane over 3x10 km. Ottosson var med på ti av dei elleve triumfane, og gjekk mange gongar i lag med langrennarar som Thomas Wassberg (7 gonger) og Torgny Mogren (5).