Jacopo da Pontormo
Jacopo da Pontormo | |
Fødd | 24. mai 1494 Empoli |
Død |
31. desember 1556, 2. januar 1557 (62 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar |
Sjanger | portrett |
Far | Bartolommeo di Jacopo di Martino |
Jacopo da Pontormo på Commons |
Jacopo Carrucci (24. mai 1494–2. januar 1557), betre kjend som Jacopo da Pontormo eller berre il Pontormo, var ein italiensk kunstmålar, ein av dei tidlege og mest framståande av dei florentinske manieristane.[1]
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Carrucci var fødd i Pontormo, ein by nær Empoli. Tilnamnet fekk han etter fødebyen, slik brukvisa ofte var i samtida. Han vart opplært målar i den florentinske stilen, rimeleg sikkert av Andrea del Sarto og truleg av Leonardo da Vinci og Piero di Cosimo. Pontormo slo gjennom med utsmykkinga av Mediciane sin villa i Poggio a Caiano, i nærleiken av Firenze. I 1523 måla han ei rad freskar med motiv frå lidingssoga til Jesus Kristus.
Pontormos litt kantete teikningar med påverknad frå Michelangelo og Dürers grafikk, og hans uvanlege bruk av fargar, kjem særleg fram i hovudverket Gravlegginga (1525-28). Biletet Kvinne med hund frå 1532 viser den manieristiske portrettstilen hans. Pontrmo er også kjend for si gåverike teikning.[1]
Rosso Fiorentino var ein rivalane hans, medan Agnolo Bronzino var hans elev og etterfølgjar.
Biletdøme
[endre | endre wikiteksten]-
'Gravlegginga' (1525-1528). Gravkapellet Cappella Capponi i Santa Felicità i Firenze.
-
'Måltidet i Emmaus' (1525)
-
Hellebard-soldat. (1530-åra)
-
Studie til Capella Capponi
-
Studie til Capella Capponi
-
Studie til Pala Pucci i San Michelino Visdomini.
-
Studie til 'Maria bodskapsdag'.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Nordhagen, Per Jonas. «Il Pontormo» (22. desember 2014), Store norske leksikon.
- Denne artikkelen bygger på «Jacopo da Pontormo» frå Wikipedia på bokmål, den 3. april 2012.