Hopp til innhald

Ismåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ismåse
Ismåse
Ismåse
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av ismåse
Utbreiinga av ismåse
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Larinae
Slekt: Pagophila
Art: Ismåse P. eburnea
Vitskapleg namn
Pagophila eburnea

Ismåse (Pagophila eburnea) er ein liten måse, han er einaste arten i slekta si. Han har ei sirkumpolar utbreiing og hekkar i Kanadisk Arktis, Nord-Grønland og på arktiske øyar som Spitsbergen, Frans Josefs land, Novaja Semlja og Severnaja Zemlja.[2] Dei trekkjer sør om hausten berre over korte avstandar, det meste av populasjonen overvintrar på kanten av pakkisen, men nokre fuglar kan nå meir tempererte område. Streiffuglar kan kome så langt sør som til Danmark og Storbritannia. Den globale hekkebestanden reknar ein til om lag 14 000 par, av desse trur ein at 80 prosent hekkar i Russland.[3] Svalbardbestanden er estimert til omlag 1 000–2 000 par.[3] Ismåen hekkar i koloniar (ofte samam med krykkje eller andre sjøfuglar) i klippar (opp mot 1 000 moh.) langs iskanten ved dei arktiske kystane.[3] I Russland kan koloniane telje opp mot 2 000 par, men på Svalbard er koloniane sjeldan større enn 10–50 par, enda sjeldnare opp mot 150 par.[3]

Ismåse i flukt

Denne arten er lett å identifisere. Han er ca. 43 cm, har ei anna, meir dueaktig kroppsform enn Larus-måsar, men vaksne har heilt kvit fjørdrakt, manglar den grå oversida som måsar flest har. Det tjukke nebbet er blått med en gul spiss, og beina er svarte. Skriket er eit terneliknande kriæ. Ungfuglar har mørke flekker i ansiktet, varierande mengder svarte flekker på venger og hale. Det tar to år å oppnå fullvaksen fjørdrakt.

Ismåse legg eit til tre olivenfarga egg i eit reir på bakken fora med mose, lav eller tang. Dei tar fisk og krepsdyr, smågnagarar, egg og fugleungar, men er også opportunistiske åtseletar. Ismåsane er kjente for å følgje etter isbjørn og andre rovdyr for å beite på restane av byttedyra deira.

I perioden 1985 til 2005 blei det observert ein reduksjon på 80 % blant hekkande fuglar i Canada. Bestanden har truleg også gått ned i Russland og på Svalbard. Ein reknar med at den norske bestanden er på 400-1500 maks individ.[4] Ismåsen kan trugast av miljøgifter, klimaendringar som gjev mindre isdekke, og petroleumsaktivitet.

  1. Stokke BG; Dale S; Jacobsen K-O; Lislevand T; Solvang R; Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av ismåke Pagophila eburnea for Svalbard. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
  2. Harrison, P. (1983). Seabirds: An Identification Guide. Aukland: Croom Helm Ltd. ISBN 0-7099-1207-2. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Hallvard Strøm (2018) Ismåke (Pagophila eburnea). Norsk Polarinstitutt. Besøkt 2018-07-14
  4. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]