Hopp til innhald

India.Arie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
India.Arie

Fødd3. oktober 1975 (49 år)
FødestadDenver
OpphavUSA
Aktiv1999–
Sjangersoul
Instrumentgitar, fløyte, vokal
Stemmetypealt
PlateselskapMotown
Verka somgitarist, songar, songar-låtskrivar, komponist, musikkprodusent, plateartist

India Arie Simpson (fødd 3. oktober 1975), meir kjend under artistnamnet India.Arie er ein amerikansk songar, låtskrivar, fløytist og gitarist. Ho har også engasjert seg innan sosiale spørsmål og menneskerettar, både som artist og som ambassadør for UNICEF.[1]

India.Arie byrja tidleg å interessera seg for musikk og skriva eigne låtar. Debutalbumet hennar Acoustic Soul kom ut i 2001. Arie er ein platina-seljande artist med over fem millionar album selt i USA og ti millionar i heile verda, og har vunne fire grammyprisar, mellom anna Best R&B Album.[2] Ho har også verka som skodespelar.

India.Arie blei fødd i Denver i Colorado.[3] Songinteressa hennar blei oppmuntra av begge foreldra; mor hennar Joyce Simpson hadde sjølv vore songar, med kontrakt med Motown Records og hadde vore oppvarmar for Stevie Wonder og Al Green,[4] og blei seinare stylist for India, og faren Ralph Simpson var ein basketballspelar i NBA. Ho har ein eldre bror, J'On, og ei yngre syster, Mary A Martin.[5]

Då India var 13 år gammal skilde foreldra hennar seg, og Joyce flytta med barna sine til Atlanta i Georgia.[5] Under skuletida si i Denver hadde India fått opplæring i å spela ulike instrument, men utvikla ei særskild interesse for gitar som elev ved Savannah College of Art and Design i Savannah som førte til eit ønske om å skriva musikk og opptre.[6]

India.Arie var med på å skipa musikkollektivet Government Earthseed, og etter at ein av songane hennar blei gjeven ut på eit lokalt samlealbum hadde ho ein sceneopptreden på Lilith Fair i 1998. I 1999 skreiv ho kontrakt med ein talentspeidar for Universal/Motown og møtte den tidlegare Motown-direktøren Kedar Massenburg. Ho slo seg etterkvart ned i New York by.

Arie gav ut debutalbumet sitt Acoustic Soul 27. mars 2001. Albumet fekk positiv omtale og var ein kommersiell suksess.[7] Acoustic Soul gjekk rett inn på tiande plass på Billboard 200, og på tredjeplass på Top R&B/Hip-Hop Albums. Etter nokre månader, utan tett speling av albumet på radio som er vanleg for suksessrike pop- og rapalbum, blei albumet sertifisert til dobbel platina av Recording Industry Association of America (RIAA), etter å ha selt 2 180 000 eksemplar i USA og 3 millionar eksemplar i heile verda.[8] Albumet blei også sertifisert til gull av British Phonographic Industry[9] og til platina av Music Canada.[10]

Albumet blei promotert med utgjevinga av hovudsingelen «Video». Singelen fekk kommersiell suksess med og nådde 47. plass på Billboard Hot 100, den høgast plasserte songen hennar i området til då.[11] Den andre singelen frå albumet, «Brown Skin», nådde ikkje opp på Billboard Hot 100, men blei den høgast rangerte singelen henanr i Storbritannia, der han nådde 29. plass[12]Arie og albumet fekk sju grammynominasjonar i 2002, men vann ingen av dei - i fem av sju kategoriar tapte ho for Alicia Keys. Ho avslutta seremonien med ei framføring av «Video».

Arie framførte ein duett med rockemusikaren John Mellencamp av songen «Peaceful World» til albumet hans Cuttin' Heads frå 2001. Ho framførte ein duett med jazzsongaren Cassandra Wilson av songen «Just Another Parade» til albumet Belly of the Sun frå 2002.

India Arie opptrer i Lokeren i Belgium i august 2004.

24. september 2002 gav Arie ut oppfølgjaralbumet Voyage to India.[13] Det gjekk inn på sjetteplassen på Billboard 200 med sal av 109 000 eksemplar i den fyrste veka.[14] Det nådde fyrsteplassen av Top R&B/Hip-Hop Albums,[14] og blei sertifisert til platina av RIAA.[15] Ved Grammyprisutdeling i 2003 vann det Best R&B Album, medan singelen «Little Things» vann Best Urban/Alternative Performance.[16] Songen «Get It Together» blei nytta på fleire filmar, mellom anna Brown Sugar (2002) og Shark Tale (2004).[17][18]

Arie tok også del på Stevie Wonder-albumet A Time to Love, som kom ut i oktober 2005. Arie og Wonder song duett på tittelsporet «A Time to Love», som var skrive av Arie. Songen blei nominert til Best Pop Collaboration with Vocals ved Grammyprisutdelinga 2006. Tre år tidlegare hadde dei blitt nominert til same kategori for ei innspeling av Mel Tormé sin klassiske song frå 1944, «The Christmas Song», til julereklamen for varekjeda Target. Dette var den fyrste gongen ein song spelt inn eksklusivt til ein reklame blei nominert til ein grammypris.[19]

Den fyrste veka etter at Arie sitt album Testimony: Vol. 1, Life & Relationship kom ut blei det selt 161 000 eksemplar, dei beste salstala hennar. Album blei sertifisert til gullplate i august 2006, med 730 000 eksemplar selde i USA og 1 300 000 over heile verda. «I Am Not My Hair», eit samarbeid med Akon, var den mest suksessrike utgjevinga frå Testimony: Vol. 1. Denne nådde Billboard Hot 100 på 97. plass og UK Singles Chart på 65. plass. Arie var med i ein episode av The Oprah Winfrey Show sendt 16. april 2007, med tittelen «After Imus: Now What?». I juni 2007 opptredde ho ved Moldejazz i Noreg.[20] Ho framførte ein duett med songaren Anthony David på songen hans «Words» til albumet hans Acey Duecy frå 2008.

Det neste albumet hennar, Testimony: Vol. 2, Love & Politics, kom ut 10. februar 2009. Det gjekk rett inn på tredjeplassen på Billboard 200, og andreplassen på R&B-lista. På denne CD-en samarbeidde Arie med artistar som Sezen Aksu, Keb Mo, Gramps Morgan og Musiq Soulchild. Dette albumet var det fyrste som blei produsert og gjeve ut etter at ho forlet Motown til fordel for Universal Records.[21] Arie framførte «Video» med britiske Adele under VH1 Divas 2009.

India.Arie ved nobelkonserten i 2010.

I 2009 spelte India Arie artisten Nina Simone i ei teateropplesing ved Roundabout Theatre Company av den komande Broadway-musikalen Soul Doctor, om livet til Shlomo Carlebach, som var skriven av Daniel Wise.

India.Arie var ein av over 70 artistar som song på «We Are the World: 25 for Haiti», ein singel til støtte for jordskjelvet på Haiti i 2010. Ho bidrog med vokal til ei innspeling av «Imagine» til Herbie Hancock-albumet The Imagine Project frå 2010, i lag med Seal, Pink, Jeff Beck, Konono N°1, Oumou Sangare og andre.[22] Hausten 2010 var ho gjestevokalist på Carlos Santana sin versjon av Beatles-klassikaren «While My Guitar Gently Weeps» på albumet Guitar Heaven. I songen spelar også Yo-Yo Ma på cello. Arie opptredde ved Nobelkonserten 2010 med to songar, ein med den israelske musikaren Idan Raichel og den andre med Herbie Hancock i ein versjon av «Imagine».[23]

I september 2012 tok ho del i kampanjen «30 Songs/30 Days» til støtte for Half the Sky: Turning Oppression into Opportunity for Women Worldwide, eit mediaprosjekt inspirert av Nicholas Kristof og Sheryl WuDunn si bok med same namn.[24]

25. juni 2013 kom det femte studioalbumet til Arie, Songversation, ut. Den fyrste singelen frå albumet, «6th Avenue», kom ut på iTunes 4. november 2012; han var produsert av India Arie og Idan Raichel. Den andre singelen «Cocoa Butter» kom ut på iTunes 9. april 2013.[25][26][27][28]

I 2015 gav ho ut eit samarbeidsalbum med musikaren Joe Sample, med tittelen Christmas with Friends.[29]

I juli 2016 sleppte ho singelen «Breathe», som var inspirert av Black Lives Matter-rørsla, særleg dei siste orda til Eric Garner. Ho kunngjorde også at eit nytt album, Worthy, var under arbeid.[30] Ho framførte singelen under Soul Train Awards i lag med leiaren av prisutdelinga, Erykah Badu, i november.[31]

I juni 2017 gav ho ut sin fyrste EP, SongVersation: Medicine.[32][33] EP-en var blei laga «to be listened to in a quiet time, prayer, meditation, Yoga. My wish is that these songs bring softness, clarity, calm, and inspiration.»[34]

I september 2018 gav ho ut singelen «That Magic». Songen blei hovudsingel for Worthy, det sjette studioalbumet hennar, som kom ut 15. februar 2019.[35][36]

Påverknad

[endre | endre wikiteksten]

Arie og verket hennar har påverka fleire andre artistar, som Alexa Goddard, Anne-Marie, Ariana Grande, Cat Burns, Doja Cat, Jess Glynne, Jhene Aiko, Jorja Smith, Khalid, Mahalia, Melanie Fiona og Tori Kelly.

Diskografi (utval)

[endre | endre wikiteksten]
Studioalbum
  • 2001 – Acoustic Soul
  • 2002 – Voyage to India
  • 2006 – Testimony: Vol. 1, Life & Relationship
  • 2009 – Testimony: Vol. 2, Love & Politics
  • 2013 – Songversation
  • 2015 – Christmas with Friends (med Joe Sample)
  • 2019 – Worthy

Singlar (på Billboard Hot 100.)

  • 2001 – «Video» (nr. 47)
  • 2002 – «Little Things» (nr. 89)
  • 2006 – «I Am Not My Hair» (nr. 97)
  • 2007 – «Beautiful Flower» (nr. 56)

Filmroller

[endre | endre wikiteksten]
Roller på fjernsyn og film
År Tittel Rolle Merknad
2002–2010 Between the Lions Seg sjølv 9 episodar
2003 American Dreams Nina Simone «Act of Contrition» (sesong 1, episode 16)
2003 The Bernie Mac Show Seg sjølv «Raging Election» (sesong 2, episode 13)
2004 Blue's Clues Seg sjølv «Bluestock» (sesong 6, episode 9)
2005 Sesame Street Seg sjølv «What Happens Next?» (sesong 36, episode 18)
2006 One on One Seg sjølv «I Love L.A.: Part 1» (sesong 5, episode 21)
2009 Pastor Brown Lateefah Debutfilm
2015 Being Mary Jane Seg sjølv «Life in the Sand» (sesong 2, episode 9)
  1. «Historie», jazzarkiv.moldejazz.no, henta 30. oktober 2024 
  2. «Grammy Winner India Arie is coming to Nigeria in June». Bellanaija.com (på engelsk). 17. mai 2016. Henta 2. desember 2018. 
  3. «India.Arie: A Gem of a Performer». The Washington Post. 24. august 2001. Henta 5. mai 2024. 
  4. «The soul of a songwriter: India.Arie talks about reading, writing and stoking her creative fires». Black Issues Book Review. September–oktober 2004. Arkivert frå originalen 29. januar 2005. Henta 5. mai 2007. 
  5. 5,0 5,1 «India.Arie MTV biography». MTV. Arkivert frå originalen 19. oktober 2007. Henta 15. oktober 2007. 
  6. «About the Performer: India.Arie». laphil.com. Los Angeles Philharmonic Association. Arkivert frå originalen 5. februar 2018. Henta 4. februar 2018. 
  7. Duffy, John. "Acoustic Soul – India.Arie". Allmusic. Henta 12. august 2009.
  8. «RIAA – Gold & Platinum – December 13, 2010: Acoustic Soul certified awards». Recording Industry Association of America. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 13. desember 2010. 
  9. «British Phonographic Industry search results». British Phonographic Industry. Arkivert frå originalen 24. september 2009. Henta 13. desember 2010. 
  10. «Gold & Platinum Certifications». Music Canada. Arkivert frå originalen 22. februar 2014. Henta 5. juli 2013. 
  11. «India.Arie Album & Song Chart History – Hot 100». Billboard. Henta 13. desember 2010. 
  12. Roberts, David. Guinness Book of British Hit Singles & Albums. Guinness World Records Ltd 17. utg. (2004), s. 29 ISBN 0-85112-199-3
  13. «India.Arie – Voyage To India». Discogs.com. 2002. 
  14. 14,0 14,1 «Voyage to India - India.Arie». Billboard.com. 
  15. «Little Things». SuperiorPics.com. Arkivert frå originalen 4. februar 2013. 
  16. «India Arie – Voyage To India CD». CDUniverse.com. 
  17. «Soundtracks for Brown Sugar (2002)». IMDb.com. 
  18. «Soundtracks for Shark Tale (2004)». IMDb.com. 
  19. «Brian McKnight, Marc Anthony & More On Stevie Wonder Tribute Collection». Spotlight on R&B. 9. februar 2003. Henta 1. juni 2007. 
  20. «India.Arie på Moldejazz», Tidens Krav (på norsk), 7. juni 2007, henta 30. oktober 2024 
  21. Lewis, Pete. "India.Arie: Sweet, Sweet Soul Music." Bluesandsoul.com. Issue 1024. 3. november 2009
  22. «The Imagine Project». All About Jazz. 21. juni 2010. Henta 29. november 2010. 
  23. Johnsen, Vibeke (12. desember 2010), «Så du til tider frøs på ryggen», www.klikk.no (på norsk bokmål), henta 30. oktober 2024 
  24. «30 Songs / 30 Days for Half the Sky | Half The Sky». Halftheskymovement.org. 30. august 2012. Arkivert frå originalen 14. oktober 2012. Henta 21. februar 2013. 
  25. Cooper, Charlene. (22. mars 2013) Must-Listen: Hear India Arie's New Song, 'Cocoa Butter'. Essence.com. Vitja 2013-06-25.
  26. India.Arie to Release "SongVersation" on June 25 @ARTISTdirect. Artistdirect.com. Vitja 25. juni 2013.
  27. iTunes – Music – Cocoa Butter – Single by India.Arie Arkivert April 30, 2013, ved Wayback Machine.. Itunes.apple.com (April 9, 2013). Retrieved on 2013-06-25.
  28. iTunes – Music – sixth Avenue – Single by India.Arie. Itunes.apple.com (November 4, 2012). Retrieved on 2013-06-25.
  29. «India.Arie Spends 'Christmas With Friends' Joe Sample, Tori Kelly, Brandy & More». Billboard.com. 5. desember 2015. Henta 16. mars 2018. 
  30. «@SylviaObell». Essence.com. Arkivert frå originalen 17. mars 2018. Henta 16. mars 2018. 
  31. «Soul Train Awards Performance: India.Arie and Erykah Badu Are Queens Of Soul and Sass». Bet.com. Henta 16. mars2018. 
  32. «India Arie's 'SongVersation: Medicine' EP Drops This Week». Parlemag.com. June 25, 2017. Henta March 16, 2018. 
  33. «SongVersation: Medicine». Amazon.com. Henta March 16, 2018. 
  34. Malkin, John (31. oktober 2017). «Music Review: Songversation: Medicine». spiritualityhealth.com. Henta 4. februar 2018. 
  35. India.Arie (14. september 2018). «ELATED! Freaking. ELATED! Thank you all for all this LOVE! SO much more to come! #thatmagic #worthy #iamlight whohooooooooo!!!! I'm right now. Link in Biopic.twitter.com/HBn16pDg5c». Twitter. Henta 28. mars 2019. 
  36. «New Music: India Arie - That Magic + Announces New Album "Worthy"». YouKnowIGotSoul.com. 15. september 2018. Henta 28. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: India.Arie