Ilulissat
Ilulissat | |||
Jakobshavn | |||
by | |||
Land | Grønland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Avannaata kommune | ||
Areal | 11,25 km² | ||
Folketal | 4 737 (1. januar 2022)[1] | ||
Ilulissat 69°13′00″N 51°06′00″W / 69.216666666667°N 51.1°W | |||
Wikimedia Commons: Ilulissat |
Ilulissat (grønlandsk for isfjell, dansk namn Jakobshavn) er ein by på vestkysten av Grønland. Han ligg i Avannaata kommune. Med rundt 4000 innbyggjarar er han den tredje største busetjinga i landet. Like ved ligg Ilulissatfjorden, ein særmerkt isfjord som er med på UNESCO si verdsarvliste.
Vintertemperaturen i området kan gå ned til rundt -30° celsius medan sommartemperaturen kan stiga til 25°C.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det har budd folk i Ilulissat-området i minst tre tusen år. Semermiut, ein gong den største bustaden på Grønland med 250 menneske og forlaten, ligg rundt to kilometer sør for dagens by. Denne blei grunnlagd i 1741 som Jakobshavn av misjonæren Paul Egede etter at pelshandlaren Jakob Severin hadde slått seg ned der.
Polforskaren Knud Rasmussen var fødd og voks opp her, og byen har nå eit museum tileigna han.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Frå Ilulissat har ein panoramautsikt over isfjorden, som har gjort byen til det viktigaste turistmålet på Grønland, og Diskobukta med Diskoøya, som ein kan vitja derfrå med båt eller helikopter. 6 000 sledehundar set òg sitt preg på byen, og det blir ofte arrangert sledeturar for vitjande.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]