Ian McDonald
- Denne artikkelen handlar om multiinstrumentalisten. For folkrockmusikaren, sjå Iain Matthews.
Ian McDonald | |||
Ian McDonald i 2009 | |||
Fødd | 25. juni 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Osterley i Middlesex | ||
Død | 9. februar 2022 | ||
Dødsstad | New York by | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960-åra til i dag | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | Saksofon, fløyte, gitar, klaverinstrument, vibrafon | ||
Tilknytte artistar | King Crimson Foreigner | ||
Verka som | saksofonist, gitarist, multiinstrumentalist, musikar, komponist, musikkprodusent |
Ian McDonald (fødd 25. juni 1946) er ein engelsk multiinstrumentalist som er mest kjend for å ha vore med å starte det progressive rockebandet King Crimson i 1969 og hardrockbandet Foreigner i 1976. Han er òg ein mykje nytta studiomusikar, hovudsakleg som saksofonist. Han spelar òg fløyte, vibrafon, klaverinstrument og gitar.
Med King Crimson spelte han på debutalbumet In the Court of the Crimson King. Like etter forlet McDonald og trommeslagar Michael Giles bandet og danna ei gruppe som gav ut albumet McDonald and Giles. Han dukka opp att i King Crimson i 1974 og var meint å bli fulltidsmelem, men fekk aldri høve fordi Robert Fripp valde å legge ned gruppa.
Han var så med på å danne bandet Foreigner i 1976, der han spelte gitar, samt treblåseinstrument og klaverinstrument.[1] Han har òg spelt som studiomusikar og deltok på hitsingelen «Get It On (Bang a Gong)» av T. Rex, og innspelingar av Linda Lewis og Christine Harwood. I 1999 gav han ut soloalbumet Drivers Eyes.
I 2002 var han med å starte 21st Century Schizoid Band saman med andre tidlegare King Crimson-medlemmar.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Med King Crimson
[endre | endre wikiteksten]- In the Court of the Crimson King (1969)
- Epitaph (1969 konsertopptak, kom ut 1997)
- Red (1974) (spelte altsaksofon som studiomusikar)
Med McDonald and Giles
[endre | endre wikiteksten]- McDonald and Giles (1971)
Med Fruupp
[endre | endre wikiteksten]- Modern Masquerades (1975)
Med Foreigner
[endre | endre wikiteksten]- Foreigner (1977)
- Double Vision (1978)
- Head Games (1979)
Med Steve Hackett
[endre | endre wikiteksten]- Genesis Revisited (1997)
- The Tokyo Tapes (1998)
- Darktown (1999)
Med John Wetton
[endre | endre wikiteksten]Solo album
[endre | endre wikiteksten]- Drivers Eyes (1999)
Med 21st Century Schizoid Band
[endre | endre wikiteksten]- Official Bootleg V.1 (2002)
- Live in Japan (2003)
- Live in Japan (2003) (DVD)
- Live in Italy (2003)
- Pictures Of A City — Live in New York (2006)
Med Waking in the Blue
[endre | endre wikiteksten]- Isn't It Pretty to Think So (2003)
Med Keith Tippett's Centipede
[endre | endre wikiteksten]- Septober Energy (1971)
Filmmusikk
[endre | endre wikiteksten]- Wachenröder (1998) (videospel frå Sega)
- Success Stories with Bruce Jenner (1987) (Nationally Syndicated CBS TV-show)
Som produsent eller gjestemusikar
[endre | endre wikiteksten]- Linda Lewis Say No More (1971)
- T Rex «Bang a Gong (Get It On)» (1972)
- Darryl Way's Wolf Canis Lupus (1973)
- Fruupp Modern Masquerades (1974)
- Keith Christmas Brighter Day (1974)
- Fireballet Night on Bald Mountain (1975)
- Ian Lloyd Ian Lloyd (1976)
- Steve Taylor On the Fritz (1985)
- Park Stickney Action Harp Play Set (2000)
- Judy Dyble Talking With Strangers (2009)
- Asia Spirit of the Night: Live (2011)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ian McDonald (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- King Crimson Biography
- Gramy Records - Ian McDonald Arkivert 2011-04-28 ved Wayback Machine.
- ↑ Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 318. CN 5585.