I Want to Hold Your Hand
«I Want to Hold Your Hand» Singel av The Beatles frå albumet Meet the Beatles! (USA) Berre singel i Europa | ||
B-side |
«This Boy» (UK) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. november 1963 | |
Innspelt | Abbey Road den 17. oktober 1963 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:24 | |
Selskap | Parlophone R5084 (UK) Capitol Records 5112 (US) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«She Loves You» (1963) |
«I Want to Hold Your Hand» | «Can’t Buy Me Love» (1964)
|
«I Want to Hold Your Hand» er ein song av The Beatles skriven av John Lennon og Paul McCartney. Han vart spelt inn i oktober 1963 og var den første Beatles spelte inn med firespors-opptakar. McCartney og Lennon hadde ikkje ein spesifikk inspirasjon for songen, men fekk instruksjonar frå mangager Brian Epstein om å skrive ein song for den amerikanske marknaden.[1]
«I Want to Hold Your Hand» var den første Beatles-songen som gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista Billboard Hot 100 og starta med det den britiske invasjonen på dei amerikanske musikklistene. Han gjekk òg til topps i Storbritannia, Tyskland og Canada. I Noreg låg singelen tre veker på førsteplassen av VG-lista og totalt 12 veker inne på Topp 10. Det vart alt bestilt ein million eksemplar i det same han kom ut og singelen vart den mestseljande singelen til Beatles på verdsbasis.[2]
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Epstein var uroa over den manglande suksessen dei tidlegare singlane til Beatles hadde hatt i Amerika og ønskte at Lennon og McCartney skulle skrive ein song for det amerikanske publikummet.[1] Songen vart spelt inn i Abbey Road Studios i Studio 2 den 17. oktober 1963. Songen var ein av to Beatles-songar (i lag med «She Loves You») som vart spelt inn i ei tysk utgåve av bandet, «Komm, gib mir deine Hand». Dette kom av at det tyske plateselskapet til EMI, Odeon, var overtydd om at Beatles kom til å selje meir i Tyskland om songen vart spelt inn på tysk. Beatles mislikte ideen og møtte ikkje opp første gong det vart bestilt studiotid for innspelinga. George Martin fekk derimot overbevist dei om å gjere eit forsøk og songen vart spelt inn på tysk 29. januar 1963 i Paris, ein av få Beatles-songar som ikkje vart spelt inn i London.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]«I Want to Hold Your Hand» vart gjeven ut 29. november 1963 i Storbritannia med «This Boy» som B-side. Ei veke etter at han gjekk inn på den britiske salslista gjekk han til topps på lista, og erstatta «She Loves You», som første gong i britisk musikkhistorie at ein song frå eit band erstatta ein annan song av same band. Songen låg på toppen av lista i fem veker. Beatlemania var på topp i denne perioden og Beatles sette ein ny rekord i Storbritannia med å ha både førsteplassen på singel- og albumlista samstundes.
EMI og Brian Epstein klarte endeleg å overbevise det amerikanske selskapet til EMI, Capitol Records om å gje ut the Beatles i USA. Singelen vart gjeve ut med «I Saw Her Standing There» som B-side 26. desember 1963. Capitol hadde tidlegare vore motvillig til å gje ut Beatles i USA, og mindre selskap som Vee-Jay og Swan hadde i staden gjeve ut dei første singlane deira. Singelen skulle opphavleg kome ut i midten av januar 1964, samstundes med at Beatles skulle spele på The Ed Sullivan Show. Men ein 15 år gammal tilhengjar, Marsha Albert, ønskte å få tak i singelen tidlegare etter å ha sett eit klipp av Beatles spele «She Loves You» på fjernsyn.[3] Ho tok kontakt med radioverten Carroll James i eit radioprogram om ikkje han kunne få tak i ei av platene deira.[4]}}
James valde bad musikksjefen i kanalen om å prøve og få sendt ei utgåve av «I Want to Hold Your Hand» over frå Storbritannia. Songen viste seg å verte særs populær for stasjonen, som normalt hadde eit meir vaksent publikum. James spelte songen om att og om att og brukte ofte å erklære «This is a Carroll James exclusive» i midten av songen[4] for at ingen andre stasjonar skulle stele han. Capitol truga først med rettssak om han og dei andre som hadde fått tak i songen ikkje slutta å spele han, men fann så ut at dei skulle utnytte publisiteten og gje songen ut to veker tidlegare enn planlagd.
Berre dei første tre dagane selde singelen 250 000 eksemplar. 18. januar gjekk songen inn på listene i USA, der han skulle ligge i 15 veker og 1. februar oppnådde Beatles endeleg målet om å nå førsteplassen. Songen låg sju veker på toppen og vart erstatta av songen som «I Want to Hold Your Hand» hadde erstatta i heimlandet, «She Loves You». Dette var første gong sidan Elvis Presley i 1956 hadde erstatta «Don't Be Cruel» med «Love Me Tender».
Med dette starta «den britiske invasjonen» av Amerika og endra for alltid musikkmiljøet her. Britiske band dominerte dei amerikanske listene gjennom heile 1964. Andre band som var populære i denne perioden var the Dave Clark Five, the Rolling Stones, the Kinks, the Hollies og Herman’s Hermits.
«I Want to Hold Your Hand» vart òg gjeve ut i Amerika på albumet Meet the Beatles!, som var banebrytande i Amerika fordi det selde meir enn singelen. Før dette hadde den amerikanske musikkmarknaden vore dominert av singlar i staden for heile album. To månader etter albumet kom ut hadde det seld meir enn 3,5 millionar eksemplar.
Etterverknad
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om songen vart populær på begge sider av Atlanteren vart han av enkelte kritikarar avfeidd som ein song som ikkje kom til å vare særleg lenge. Bob Dylan var imponert av nyvinningane til Beatles og sa at «Dei gjorde ting som ingen andre gjorde. Akkordane deira var usedvanlege og harmoniane deira gjorde det heile ekte.»[5]
Songen var med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Recording Industry Association of America, National Endowment for the Arts og Scholastic Press har kalla «I Want to Hold Your Hand» ein av hundreåret sine største songar og Rolling Stone plasserte songen på 16. plass over dei 500 største songane gjennom tidene.[6] I magasinet Mojo hamna songen på 2. plass over dei 100 songane som endra verda, etter Little Richard sin Tutti Frutti.[7] Songen ligg på 39. plass på Billboard's All Time Top 100.[8]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- John Lennon – vokal, rytmegitar, klapping
- Paul McCartney – vokal, bassgitar, klapping
- George Harrison – sologitar, klapping
- Ringo Starr – trommer, klapping
- Per Ian MacDonald[9]
Salslister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Tidenes lister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[23] | Gull | 1 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Ian MacDonald (1998). Revolution in the Head. London: Pimlico. s. 88. ISBN 0-7126-6697-4.
- ↑ «I Want to Hold Your Hand». Vitja 4. oktober 2008.
- ↑ «Beatles' 'Helping Hand' Shuns Fame: Fab Four Fan Want To Find Teen Who Helped Launched Beatlemania». CBS. 16. januar 2004. Henta 4. oktober 2008.
- ↑ 4,0 4,1 Harrington, Richard. "The Beatles' Helping 'Hand'". The Washington Post. s. C01, 16. august 2004. Vitja 4. oktober 2008.
- ↑ Scaduto, Anthony. Bob Dylan (1973). s. 203–4. United States: Signet Books W5353, New York, NY. ASIN B000J68AZM.
- ↑ «The RS 500 Greatest Songs of All Time». Henta 4. oktober 2008.
- ↑ Mojo
- ↑ Billboard's All Time Top 100
- ↑ MacDonald 1998, s. 87.
- ↑ Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5.
- ↑ "Ultratop.be – The Beatles – I Want to Hold Your Hand" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 11. mars 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – I Wanna Hold Your Hand". Irish Singles Chart. Retrieved 11. mars 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Beatles – I Want to Hold Your Hand" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 11. mars 2018.
- ↑ Hung, Steffen. «charts.org.nz - Forum - 1963 Chart (General)». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 20. mai 2017. Henta 23. februar 2017.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Beatles – I Want to Hold Your Hand". VG-lista. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 11. mars 2018.
- ↑ "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 11. mars 2018.
- ↑ Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34.
- ↑ «Offizielle Deutsche Charts» (Enter "Beatles" in the search box) (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 11. mars 2018.
- ↑ Musicoutfitters.com
- ↑ Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 26. desember 1964, arkivert frå originalen 9. august 2020, henta 11. mars 2018
- ↑ Bronson, Fred (2. august 2012). «Hot 100 55th Anniversary: The All-Time Top 100 Songs». Billboard. Henta 9. august 2013.
- ↑ «American single salstrofé – The Beatles – I Want to Hold Your Hand». Recording Industry Association of America. Henta 15. mai 2016. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
- Denne artikkelen bygger på «I Want to Hold Your Hand» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Beatles' 'Helping Hand' Shuns Fame CBS News.
- Offisiell nettside Arkivert 2007-04-03 ved Wayback Machine..
- The Beatles Ultimate Experience
- Covach, John. «Form in Rock Music: A Primer» i Stein, Deborah (2005). Engaging Music: Essays in Music Analysis. New York: Oxford University Press. ISBN 0-19-517010-5.
- Giuliano, G., Giuliano, B. & Leary, T. (1995). The Lost Beatles Interviews. Penguin USA. ISBN 0-452-27025-1.
- Goldsmith, Martin (2004). The Beatles Come To America. Turning Points. ISBN 0-471-46964-5.
- Gundersen, Edna. 16. januar 2004. Found: The teen who became Beatles' first fan. USA Today.
- Harrington, Richard. (2004). It was 40 years ago … Chicago Tribune.
- MacDonald, Ian (1998). Revolution in the Head. London: Pimlico. ISBN 0-7126-6697-4.
- Miller, J. (Ed.) (1980). Rolling Stone Illustrated History of Rock og Roll. Random House. ISBN 0-394-73938-8.
- Ottawa Beatles Site's Timeline.
- Spizer, Bruce. "And That's the Way It Was: The Story Behind The Beatles on Ed Sullivan" Arkivert 2008-10-17 ved Wayback Machine.. Beatlefan Magazine. January/February 2004. Retrieved 26 October 2006.
- Will We All Become Beatle Nuts? (1964). The Ottawa Journal.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]16: «Crazy in Love» Beyoncé feat. Jay-Z |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 15 «I Want to Hold Your Hand» The Beatles |
14: «Waterloo Sunset» The Kinks |
17: «Purple Haze» Jimi Hendrix |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 16 «I Want To Hold Your Hand» The Beatles |
15: «London Calling» The Clash |
Føregangar «She Loves You» The Beatles |
Toppen av VG-lista 3 veker, veke 4–6 1964 |
Etterfylgjar «Hippy Hippy Shake» The Swinging Blue Jeans |
- The Beatles-songar
- Songar frå 1963
- Singlar frå 1963
- Singlar frå 1964
- Grammy Hall of Fame Award
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Nummer-ein-singlar i Australia
- Nummer-ein-singlar i Tyskland
- Nummer-ein-singlar i Nederland
- Nummer-ein-singlar i New Zealand
- Nummer-ein-singlar i Canada
- Songar på toppen av VG-lista
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2010
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2021
- Parlophone-singlar
- Songar produserte av George Martin
- Songar skrivne av Lennon–McCartney
- Capitol Records-singlar
- Dollar-songar
- Manny Manuel-songar
- The Crickets-songar
- Pat Boone-songar
- The Supremes-songar
- Alvin and the Chipmunks-songar
- Petula Clark-songar
- Al Green-songar
- Ray Conniff-songar
- Take That-songar
- Santo & Johnny-songar
- Sparks-songar