I Shot the Sheriff
Utsjånad
I Shot The Sheriff Studioalbum av The Wailers frå albumet Burnin' | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1973 | |
Innspelt | Harry J. Studios, Kingston i Jamaica, april 1973 | |
Sjanger | Reggae | |
Lengd | 4:41 | |
Selskap | Tuff Gong, Island | |
Tekstforfattar | Bob Marley | |
Låtskrivar(ar) | Bob Marley | |
---|---|---|
Produsent | Chris Blackwell og The Wailers |
I Shot the Sheriff Singel av Eric Clapton frå albumet 461 Ocean Boulevard | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juli 1974 | |
Innspelt | April–mai 1974 i Criteria Recording Studios, Miami i Florida | |
Sjanger | Reggae | |
Lengd | 4:41 | |
Selskap | RSO | |
Tekstforfattar | Bob Marley | |
Låtskrivar(ar) | Bob Marley | |
---|---|---|
Produsent | Tom Dowd |
«I Shot the Sheriff» er ein song skriven av Bob Marley, fortalt frå synspunktet til ein mann som innrømmer å ha teke livet av den lokale sheriffen, men han hevdar at han er feilaktig skulda for å ha teke livet av assistenten hans. Songen vart først gjeven ut på The Wailers-albumet Burnin' i 1973.
Eric Clapton spelte inn ein versjon av songen for albumet 461 Ocean Boulevard i 1974. Dette er den mest suksessrike versjonen av songen og singelen nådde førsteplassen på den amerikanske singellista. Dette var einaste gongen Clapton nådde førsteplassen i USA. Songen gjekk òg til topps i Canada og New Zealand, medan han i Noreg nådde tredjeplassen og i Storbritannia niandeplass.
- «Eg ønskte å seie 'I shot The Police', men styresmaktene ville ha laga bråk då, så eg sa 'I shot the sheriff' i staden for... men ideen er den same: rettferd.» — Bob Marley[1]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- EPMD nyttar ein sample frå Clapton-versjonen av songen på «Strictly Business» frå 1988.
- På debutalbumet til Mary J. Blige (What's the 411?) seier Grand Puba «I shot the sheriff AND the motherfuckin' deputy» på tittelsporet.
- I 1995 song den svenske gruppa Just D songen med ein svensk tekst, Jag sköt sheriffen, på samlealbumet Just D:s Gyldene.[2] och på singel.[3]
- I 1997 spelte rapparen og produsenten Warren G songen for albumet Take a Look over Your Shoulder (Reality). Denne versjonen nådde 20. plass på lista i USA og førsteplassen på New Zealand.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I Shot the Sheriff» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ I Shot the Sheriff, arkivert frå originalen 10. desember 2005, henta 10. desember 2005
- ↑ «Svensk mediedatabas». Henta 12. mars 2012.
- ↑ «Svensk mediedatabas». Henta 12. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]451: «I Got You Babe» Sonny and Cher |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 450 «I Shot the Sheriff» Bob Marley and the Whailers |
449: «Come Go With Me» The Del-Vikings |