Hestmakrell
Hestmakrell | |
Hestmakrell | |
Status | |
Status i verda: Sårbar Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Piggfinnefiskar Perciformes |
Familie: | Carangidae |
Slekt: | Trachurus |
Art: | Hestmakrell T. trachurus |
Vitskapleg namn | |
Trachurus trachurus |
Hestmakrell (Trachurus trachurus) er utbreidd i det nordaustlege Atlanterhavet. Det vert fiska på tre bestandar: vestleg, sørleg og nordsjøbestanden.
Dei har ulike gyteområde: vest av Dei britiske øyane og Irland, utanfor Portugal og Spania og i sørlege del av Nordsjøen.
Oppvekst- og beiteområde er i det sørlege Norskehavet og i Nordsjøen. I desse området foregår og det norske fiskeriet etter arten. Oppfiska kvantum varierer sterkt frå år til år. Det er inga kvote å fiske på i 2023, fordi bestanden dette året er under kritisk gytebestandsnivå.
Hestmakrellen vert òg kalla taggmakrell, fordi han har 70–80 tagga skjell langs sidelinja. Han kan verte 40 cm lang, og veg opp til 1,6 kg.
Det er ein god matfisk, som særleg vert sett pris på i Asia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Tema: Hestmakrell». Havforskningsinstituttet. 25. februar 2022. Henta 4. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Hestmakrell hos Artsdatabanken
- (en) Hestmakrell – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Hestmakrell i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Hestmakrell hos Dyntaxa
- (en) Hestmakrell hos FishBase
- (en) Hestmakrell hos ITIS
- (en) Hestmakrell hos NCBI
- (en) Kategori:Trachurus trachurus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Trachurus trachurus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Trachurus trachurus – detaljert informasjon på Wikispecies