Hege
Utsjånad
Hege eller Hæge er eit dansk og norsk kvinnenamn avleidd som ei kjæleform av Helga. Dette kjem av det norrøne mannsnamnet Helgi, moderne norsk Helge, med opphav i ordet heilagr, som tyder 'heilag', eller 'heldig, sunn' i før-kristen tid. Namnet kan også ha opphav i det gammalhøgtyske ordet heil med same tyding. Namnet Helga har same opphav.
Hege har namnedag den 30. september i Noreg.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Det er 13 064 kvinner som heiter Hege i Noreg (SSB, 2008). Namnet var særleg populært rundt 1970, då over 2,0 % av nyfødde jenter fekk namnet.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Personane i lista er ordna kronologisk etter fødselsår.
- Hege Tunaal (f. 1948), norsk musikar
- Hege Rimestad (f. 1954), norsk fiolinist
- Hege Skjeie (f. 1955), norsk akademikar
- Hege Schøyen (f. 1957), norsk underhaldar
- Hege Duckert (f. 1962), norsk journalist
- Hege Storhaug (f. 1962), norsk journalist
- Hege Riise (f. 1969), norsk fotballspelar
- Hege Øygaren (f. 1969), norsk journalist
- Hege Frøseth (f. 1969), norsk handballspelar
- Hege Myklebust (f. 1970), norsk målkvinne og høgskulelektor
- Hege Woxen (f. 1975), norsk forfattar
- Hege Solbakken (f. 1972), norsk politikar
- Hege Bøkko (f. 1991), norsk skøyteløpar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hege» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2008.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Hege hjå Statistisk Sentralbyrå