Hedda Zinner
Hedda Zinner | |
Pseudonym | Elisabeth Frank, Hannchen Lobesam |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 20. mai 1904 Lviv |
Død |
4. juli 1994, 1. juli 1994 (90 år) |
Yrke | omsetjar, skodespelar, journalist, teaterskodespelar, skribent |
Politisk parti | Sozialistische Einheitspartei Deutschlands, Kommunistische Partei Deutschlands |
Ektefelle | Fritz Erpenbeck |
Born | John Erpenbeck |
Prisar | Goethe-Preis der Stadt Berlin, Karl Marx-ordenen, Fedrelandets fortjenstorden i gull, DDRs nasjonalpris, Carl von Ossietzky-medaljen, Lion-Feuchtwanger-Preis |
Hedda Zinner på Commons |
Hedda Zinner (20. mai 1904–4. juli 1994) var ein tysk forfattar, journalist og skodespelar.[1]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Hedda Zinner var fødd i Lemberg i Galizia i Austerrike-Ungarn i 1904. Mor hennar var av austerriksk jødisk avstamming, og faren kom frå Tsjekkoslovakia.
Zinner gjekk imot faren sin vilje om at ho skulle studera på landbruksuniversitet, og byrja i staden på skodespelarakademiet i Wien. Etter dette følgde aktive år i blant anna Stuttgart og Baden-Baden. I desse åra blei ho kjent med forfattaren Fritz Erpenbeck, som ho gifta seg med. Dei busette seg i Berlin, i eit sterkt venstreorientert kunstnarkollektiv.
Zinner byrja skriva tekster om og imot sosial urettferdig, tekster som mellom anna blei gjevne ut i tidsskriftet Die Rote Fahne. I 1930 gav ho også ut tekstar i Arbeiterstimme, AIZ, Weg der Frau og Magazin für Alle.[2]
Hedda Zinner slutta seg til kommunistpartiet, dels som ein reaksjon mot det amerikanske politiet sine brutale åtak på antirasistiske demonstrasjonar. På grunn av det politiske engasjementa hennar kunne ho til slutt ikkje bli verande i Berlin. Zinner emigrerte i mai 1933 til Praha, der ein snakka tysk, slik at ho kunne halda fram med å vera politisk aktiv. Ho skreiv innlegg under pseudonymet Elizabeth Frank, tekster som blei gjevne ut i AIZ og blei sende i radio. I Praha byrja Zinner òg på den politiske kabareten Studio 1934.[3]
I 1935 blei Fritz Erpenbeck gjeven post som korrespondent for AIZ i Moskva. Hedda Zinner følgde med mannen sin til Sovjetunionen. Sjølv om dei ikkje snakka språket såg begge på flyttinga som å koma heim. Dei kom med forventingar om at Sovjetunionen skulle vera ein stad der dei kunne uttykka meiningane sine fritt uten å bli gjevne arbeidsforbod. Regimet til Stalin kom som eit sjokk. Då Molotov–Ribbentrop-pakta blei inngått søkte familien på hausten 1941 vern i byen Ufa ved Uralfjella. Under tida si i Ufa skreiv Hedda Zinner diktet «Eier aus der Ukraine», eit dikt som stilte spørsmål ved kampen til dei tyske soldatane, og oppfordra kvinner i Tyskland til å få mennene sine til å desertera.
I 1942 blei Fritz Erpenbeck kalla til å arbeida i Moskva. Året etter flytta Zinner etter med den eitt år gamle sonen deira John. Familien var to år til i sovjetisk eksil. Deretter fekk dei tilbod om å flytta tilbake til Tyskland, i DDR. Etter andre verdskrigen busette Zinner seg i Berlin.[4]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Unter den Dächern. Dikt, Moskva 1936.
- Das ist geschehen, Dikt, Moskva 1939.
- Volkslieder und Volksdichtungen. Gjendiktingar, Kiev 1939.
- Caféhaus Payer. Skodespel, uroppført 1945. Utvikla 1940/41.
- Fern und nah. Dikt, 1947.
- Humanistisches Sonett. 1947.
- Alltag eines nicht alltäglichen Landes. Reportasjar, forteljingar og dikt, 1950.
- Spiel ins Leben. Skodespel, 1951.
- Der Mann mit dem Vogel. Komedie, 1952.
- Glückliche Frauen und Kinder. Reportasjar, forteljingar og dikt, 1953.
- Der Teufelskreis. Drama, 1953.
- Wir fahren nach Moskau. Kinderbuch, 1953.
- Nur eine Frau. Roman om Louise Otto-Peters, 1954.
- Erste Anfänge. og Nie werde ich vergessen. Soger i Hammer und Feder, 1955.
- Lützower. Skodespel, 1955.
- General Landt. Skodespel, uroppført 1957. Utvikla 1950/51.
- Das Urteil. Politische Revue. I ndl 1958/59.
- Was wäre wenn …? Komedie, 1959.
- Auf jeden Fall verdächtig. Skodespel, 1959.
- Plautus im Nonnenkloster. Gjenforteljing som libretto, 1959.
- Fischer in Niezow. Libretto, 1959.
- Leistungskontrolle. Ungdomsstykke, 1960.
- Ravensbrücker Ballade. Tragedie, 1961.
- Ein Amerikaner in Berlin. Farse, 1963.
- Wenn die Liebe stirbt. Noveller, 1965.
- Elisabeth Trowe. Filmforteljing, 1969.
- Ahnen und Erben. Romantrilogi.
- Regina. 1968.
- Die Schwestern. 1970.
- Fini. 1973.
- Wir sprechen aus, was ist. Studio 1934. I Erlebte Geschichte, band 2, 1972, hrsg. von Günter Albrecht.
- Auf dem roten Teppich. Erfaringar, tankar, impresjonar, 1978.
- Katja. Roman, 1980. (BRD 1981)
- Die Lösung. Roman, 1981.
- Arrangement mit dem Tod. Roman, 1984. (BRD 1985)
- Die große Ungeduld. Forteljing 1988.
- Selbstbefragung. Erindringar, 1989, ISBN 3-371-00195-4.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Katalog der Deutschen Nationalbibliothek, Zinner, Hedda"
- ↑ "http://www.exilarchiv.de, Hedda, Zinner
- ↑ "s. 126, German monitor, fractured Biographies, editor Ian Wallace, New York 2003. ISBN 90-420-0966-7
- ↑ Siv Widerberg og Viveka Heyman: Flykten valde oss : dikter om att fly från sitt land : en antologi «Författarna», En bok för alla, 1999, s. 216. ISBN 9172210788.
- Denne artikkelen bygger på «Hedda Zinner» frå Wikipedia på svensk, den 9. mars 2024.