Heart of Midlothian FC
Heart of Midlothian FC | |||
Fullt namn | Heart of Midlothian Football Club | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | Ukjend | ||
Heimebane | Ingen (Kapasitet: 18 008) | ||
Hovudtrenar | Craig Levein | ||
Liga | Scottish Premier League | ||
|
Heart of Midlothian Football Club, vanlegvis kalla Hearts, er ein skotsk fotballklubb som speler i Scottish Premier League. Klubben blei stifta i 1874, og vann sin første ligameisterskap i 1895. Klubben spelar heimekampane sine på Tynecastle Stadium i Edinburgh.
Namnet til klubben stammar frå den gamle tollbua i byen som var kjend som «Heart of Midlothian». Sjølv om det blei jamna med jorda i 1817 blei bygget minna gjennom romanen The Heart of Midlothian av Walter Scott og eit lokalt danselokale, The Heart of Midlothian Dancing Club, som fotballklubben fekk namnet sitt frå.[1]
Byen Edinburgh har to lag i den profesjonelle ligaen. Hearts er frå gammalt av laget til protestantane i byen, medan rivalen Hibernian har mange katolske tilhengjarar. Det religiøse elementet i rivaliseringa mellom laga har likevel ikkje vore like sterk som den mellom Rangers og Celtic i Glasgow.
Den norske fotballspelaren Roald «Kniksen» Jensen spelte for klubben i perioden 1965-72.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]Trofé | Tal | År |
---|---|---|
Ligameister | 4 | 1895, 1897, 1958, 1960 |
Scottish Cup | 7 | 1891, 1896, 1901, 1906, 1956, 1998, 2006 |
Skotsk ligacup | 4 | 1955, 1959, 1960, 1963 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Heart of Midlothian FC» frå Wikipedia på bokmål, den 3. august 2011.
- ↑ History 1874-1884 Arkivert 2011-02-11 ved Wayback Machine. ved heartsfc.co.uk