Hayley Williams
Hayley Williams
Hayley Nichole Williams | |||
| |||
Fødd | 27. desember 1988 (35 år) Franklin, Tennessee | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Meridian | ||
Fødenamn | Hayley Nichole Williams | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 2003– | ||
Sjanger | Pop punk, alternativ rock | ||
Instrument | Vokal, keyboard, gitar | ||
Stemmetype | Sopran | ||
Plateselskap | Fueled by Ramen | ||
Verka som | Songar, låtskrivar | ||
Gift med | Chad Gilbert | ||
Sambuar med | Taylor York | ||
Prisar | Grammy Award for Best Rock Song, MTV Europe Music Award for Best Alternative, Alternative Press Music Award for Best Vocalist |
Hayley Nichole Williams (fødd 27. desember 1988 i Meridian i Mississippi[1]) er ein amerikansk vokalist og låtskrivar.[2] Ho er vokalist i rockebandet Paramore.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]I 2002, då ho var 14 år, flytta Williams frå heimbyen sin Meridian i Mississippi, til Franklin i Tennessee, der ho møtte bandmedlemmane Josh og Zac Farro på skulen.[3][4] Ho byrja å ta songtimar hjå Brett Manning. Medan ho framleis gjekk på skulen prøvde ho seg som vokalist i eit lokalt coverband som heitte The Factory, og der møtte ho Jeremy Davis. Etter at The Factory vart oppløyst byrja Hayley og Jeremy å skrive songar saman med Farro-brørne og danna Paramore. I 2005 signerte dei kontrakt med plateselskapet Fueled by Ramen.
Williams har sunge gjestevokal på songane «Then Came to Kill» av The Chariot, «Keep Dreaming Upside Down» av October Fall, «Tangled Up» av New Found Glory, «The Church Channel» av Say Anything og «The Few That Remain» av Set Your Goals og har dukka opp i musikkvideoen for «Kiss Me» av New Found Glory.[5] I 2007 kom ho på andreplass i kategorien «Sexiest Female» av Kerrang! Reader's Poll. Førsteplassen vart gitt til Amy Lee i Evanescence.[6] Eitt år seinare, i 2008, vann ho førsteplassen for «Sexiest Female» i den same avstemminga.[7] Ho er også å sjå i Guitar Hero World Tour, der dei lagde ein figur som såg ut som ho.
Paramore
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Paramore.
Paramore vart danna i Franklin i Tennessee i 2004, med Hayley Williams som hovudvokalist og keyboardist, Josh Farro på gitar, Jeremy Davis på bassgitar og Zac Farro på trommer.[8] Dei andre medlemma av det som snart kom til å verte Paramore var skeptiske til å ha Williams som kvinneleg vokalist, men sidan dei var veldig gode vener byrja ho å skrive songar til dei, og til slutt vart ho medlem.[9] Bandet har gitt ut tre album; All We Know Is Falling, Riot! og Brand New Eyes. Dei har også gitt ut to live-album.
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Hayley Willams var god ven med familien Cyrus då ho voks opp. Dei er framleis gode vener. I eit intervju med MTV, forsvarte ho Cyrus si dotter, Miley.[10] Ho er saman med gitaristen Chad Gilbert frå bandet New Found Glory.[11]
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Paramore.net
- ↑ «Interview - Hayley Williams and Josh Farro of Paramore». Arkivert frå originalen 13. februar 2007. Henta 9. januar 2009.
- ↑ Bayer, Jonah (2008), «Born for This», Alternative Press, no. 235
- ↑ «Biography». All Music. Henta 16. august 2007.
- ↑ «Kiss Me by New Found Glory». Henta 11. april 2009.
- ↑ Kerrang! 2007 Readers' Poll
- ↑ Kerrang! 2008 Readers' Poll
- ↑ Joshua Martins intervju med Paramore, arkivert frå originalen 19. oktober 2007, henta 8. mai 2010
- ↑ intervju med Paramore på Europunk.net
- ↑ Montgomery, James; Sasha Hamrogue (6. mai 2008). «Paramore's Hayley Williams Defends Family Friend Miley Cyrus -- 'She's A Great Girl' -- Talks New Album». mtv.com. Henta 29. april 2009.
- ↑ «Paramore's Hayley Williams Dating New Found Glory's Chad Gilbert». buzznet.com. Arkivert frå originalen 28. mai 2009. Henta 8. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hayley Williams på Twitter
- Hayley Williams på Tumblr
- Hayley Williams Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. sin profil opå Paramore.net