Harlow Shapley
Utsjånad
Harlow Shapley | |||
| |||
Fødd | 2. november 1885 Nashville | ||
---|---|---|---|
Død | 20. oktober 1972 (86 år) Boulder | ||
Nasjonalitet | USA-amerikansk | ||
Område | Astronomi | ||
Yrke | astronom, universitetslærar, meteorolog | ||
Institusjonar | Harvard University Harvard-observatoriet Mount Wilson-observatoriet | ||
Alma mater | University of Missouri, Princeton University | ||
Doktorgradsrettleiar | Henry Norris Russell | ||
Doktorgradsstudentar | Georges Lemaître, Cecilia Payne-Gaposchkin | ||
Kjend for | Finne den rette posisjonen til sola i Mjølkevegen | ||
Utmerkingar | Henry Draper-medaljen (1926) Royal Astronomical Society sin gullmedalje (1934) Brucemedaljen (1939) prisar | ||
Ektefelle | Martha Betz Shapley | ||
Barn | Mildred Shapley Matthews, Willis H. Shapley, Alan Horace Shapley, Lloyd Shapley, Carl Betz Shapley | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences American Astronomical Society American Association for the Advancement of Science National Academy of Sciences |
Harlow Shapley (2. november 1885–20. oktober 1972) var ein amerikansk astronom.[1]
Han var direktør for Harvard-observatoriet 1921–1952, og er særleg kjend for undersøkingane sine av kefeider, formørkingsvariable stjerner, storleiken og strukturen til Mjølkevegen og avstanden til, fordeling og mengda av galaksar. Han fann samanhengen mellom lysstyrken og perioden til stjerner.
I 1930-åra leia han det amerikanske initiativet for å redde jødiske forskarar i Europa frå nazismen, og han deltok i opprettinga av UNESCO. Utanom vitskapelege arbeid har Shapley gjeve ut fleire populærvitskapelege bøker.
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- Henry Draper-medaljen fråNational Academy of Sciences (1926)[2]
- Prix Jules Janssen frå Den franske astronomisamskipnaden (1933)
- Rumford-prisen til American Academy of Arts and Sciences (1933) [3]
- Royal Astronomical Society sin gullmedalje (1934)[4]
- Brucemedaljen til Astronomical Society of the Pacific (1939)[5]
- Pius XI Medal (1941)[6]
- Franklin Medal (1945)
- Henry Norris Russell Lectureship til American Astronomical Society (1950)[7]
Oppkallingar
- Krateret Shapley på månen
- Asteroiden 1123 Shapleya
- Shapley superhop
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Goldberg, Leo (January 1973). «Obituary: Harlow Shapley». Physics Today 26 (1): 107–108. Bibcode:1973PhT....26a.107G. doi:10.1063/1.3127920. Arkivert frå originalen 27. september 2013. Henta 14. juni 2016.
- ↑ «Henry Draper-medaljen». National Academy of Sciences. Henta 13. mai 2015.
- ↑ «Past Recipients of the Rumford-prisen». American Academy of Arts and Sciences. Arkivert frå originalen 27. september 2012. Henta 13. mai 2015.
- ↑ «Winners of the Royal Astronomical Society sin gullmedalje». Royal Astronomical Society. Henta 13. mai 2015.
- ↑ «Past Winners of the Catherine Wolfe Bruce Gold Medal». Astronomical Society of the Pacific. Henta 13. mai 2015.
- ↑ «Harlow Shapley Wins Pius XI Prize. Harvard Observatory Chief Receives Astronomi Award of Pontifical Academy». New York Times. desember 1, 1941. Henta 13. juni 2016. «The Pope today attended the inauguration of the new academic year of the Pontifical Academy ...»
- ↑ «Grants, Prizes and Awards». American Astronomical Society. Arkivert frå originalen 22. desember 2010. Henta 13. mai 2015.
- «Harlow Shapley», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014