Happy Human
Happy Human (på norsk humanistsymbolet) er eit sekulært ikon og det offisielle symbolet til International Humanist and Ethical Union (IHEU), verdsorganisasjonen for livssynshumanismen. Det er òg teke i bruk av mange humanistiske organisasjonar og individ verda over, inkludert Human-Etisk Forbund i Noreg.
Symbolet vart valt på 1960-talet, etter ein konkurranse organisert av den britiske humanistorganisasjonen. Vinnardesignet er laga av Denis Barrington.[1] Opphavsretten til symbolet har British Humanist Association, men dei gjev fridom til bruk av symbolet til humanistiske organisasjonar verda rundt. Mange humanistorganisasjonar brukar dette symbolet, eventuelt i noko endra form.
Det var det dåverande Human-Etisk Ungdomsforbund som først tok i bruk symbolet i Noreg i sitt blad Humanus i 1966. Symbolet blei tatt i bruk av Human-Etisk Forbund seinare same år.
Nokre organisasjonar som brukar Happy Human
[endre | endre wikiteksten]- American Humanist Association
- Bloco de Esquerda
- British Humanist Association
- Council for Secular Humanism
- Council of Australian Humanist Societies (CAHS)
- European Humanist Federation
- Gay and Lesbian Humanist Association
- Human-Etisk Forbund (Noreg)
- Human-Etiska Föreningen (Sverige)
- Humanist Association of Canada
- Humanist Association of Ireland
- Humanist Society of New Zealand
- Humanist Society of Scotland
- Humanisterna (Sverige)
- Humanistic Judaism
- Humanists of Utah
- Institute for Humanist Studies
- International Humanist and Ethical Union
- International Humanist and Ethical Youth Organisation
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The Happy Human Symbol». BHA. Henta 18. mai 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Happy Human» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Human-Etisk Forbunds bruk av symbolet Arkivert 2007-09-08 ved Wayback Machine.
- British Humanist Association page on the symbol Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Humanism is Eight Letters, No More — An endorsement of the Happy Human by some leaders of the IHEU, including former Presidents of the IHEU, Rob Tielman and Levi Fragell.
- Origins of the Happy Human logo Arkivert 2011-01-20 ved Wayback Machine. based on information from Victorian Humanist Association, a member organisation of CAHS