Hopp til innhald

Håkonshella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Håkonshella er eit stadnamn i Laksevåg bydel i Bergen kommune. Håkonshella ligg ved Alvøen, ut mot sjøen.

Det norrøne namnet var Hákonarhella. Kong Håkon den gode skal vera fødd der i år 920. 40 år seinare i år 960 skal han ha døydd same stad etter slaget på Fitjar. Andreleddet er ordet hella, som tyder «flatt berg». Ordet «hella» vert mange stader nytta om ein landingsstad for båtar.